EU sløkkjer brann

Skogbrannane i Sverige bør føre til ei styrking av det europeiske brannsamarbeidet.

TØRR SOMMAR: – Det varme og tørre vêret er ikkje eit bevis på klimaendringane i seg sjølv. Men vêret er eit døme på det ekstremvêret som me vil sjå meir av framover. Foto: NTB Scanpix

Publisert:

Brannane som herjar i Sverige, er for store for eitt land å handtere sjølv. Det internasjonale samarbeidet for å stogge desse brannane, har brått blitt meir aktuelt for oss i Nord-Europa.

Sverige har fått hjelp frå fleire land, blant andre Frankrike, Litauen og Polen. Desse landa har sendt både mannskap og spesialutstyr som vil gjere det mogeleg å sløkkje brannane. Den internasjonale innsatsen vert organisert av EU.

Denne hjelpa må Sverige betale for. Men det er mykje rimelegare å betale for drift av lånt utstyr, enn at kvart land må kjøpe inn spesialfly eller -helikopter.

Det er landa i sør-Europa som er mest utsette for skogbrann. Desse landa har difor eit brannvern som er kraftig dimensjonert for å takle skogbrann.

Når landa spesialiserer seg og samarbeider, får me ein betre og meir kostnadseffektiv beredskap. Det er heilt naudsynt at EU koordinerer innsatsen over landegrensene.

Les også

Löfven: Skogbrannsituasjonen er ekstrem

I september er det val til Riksdagen, og brannane siglar opp som ei valkampsak. Då vil det vere snakk om beredskap, om prioriteringar, men òg om klimaendringar.

Sverige har avfolka bygdene, og har med det tømt småkommunane for ressursar, skriv Aftonbladets Ingvar Persson. Han skriv vidare at det er færre som arbeider i skogane enn før, og at det kan ha forverra situasjonen.

Klimaendringane gjer at me får meir ekstremvêr. Det blir somrar som er tørrare og somrar som er våtare enn det me har vore vane med i Nord-Europa. Det gjer òg noko med skogbrannfaren.

Årets sommar er den varmaste på minst 260 år, ifølgje Sveriges metrologiske institutt. Det varme og tørre vêret er ikkje eit bevis på klimaendringane i seg sjølv. Men vêret er eit døme på det ekstremvêret som me vil sjå meir av framover.

Les også

Brannsjef: – Det er ikke vanlig på Vestlandet å bli nedringt av folk som trenger vann

Regjeringa vert kritisert for å vere trege med å løfte kriseberedskapen opp på høgste nivå. Først torsdag overtok innanriksminister Morgan Johansson (S) koordineringa av innsatsen.

Samtidig får regjeringa kritikk for ikkje å ha nok tilgjengeleg utstyr. Centerpartiet meiner regjeringa heller bør byggje opp svensk beredskap, enn å stole på internasjonal hjelp.

Den som har gått lengst i kritikken, er Moderaternas Beatrice Ask. Ho kritiserer den raudgrøne regjeringa for å subsidiere elsyklar framfor brannfly. Lærdomen ligg ikkje i slike lettvinte løysingar.

Svenske styresmakter må klare å argumentere for kvifor brannvernet er på dagens nivå. Då kan dei vise til tidlegare forsøk med brannfly i beredskap. På 90-talet hadde Sverige tre brannfly, men dei var lite i bruk og kosta svært mykje å kjøpe og drive.

I dag har ikkje Sverige brannfly. Men samtidig har dei tilgang på mange. Det internasjonale samarbeidet gjer at italienske og franske brannfly sløkkjer brannar i Sverige. Det samarbeidet bør styrkjast.