Amerikanarane kjem

Vi må tole å høyre på kvarandre. Særleg når vi er usamde.

MEDIEDAGER: Steve Bannon til Bergen. Eric Vidal, Reuters (arkiv)

Steve Bannon kjem til Nordiske Mediedager i Bergen i mai. Bannon er tidlegare redaktør for den svært kontroversielle nettstaden Breitbart og har vore valkamprådgjevar for Donald Trump.

Nyhenda har vekt reaksjonar. «Å invitere Steve Bannon legitimerer ekstremhøyre og bidrar til et giftig debattklima», sa Mikkel Grüner, Bergen SVs fyrstekandidat, til BA. Han er langt frå den einaste som har fronta dette synspunktet.

Men Bannon er ikkje åleine om å ta turen til Noreg. 8. mars kjem Hillary Clinton til høgskulen BI i Oslo. Ho er tidlegare presidentkandidat og amerikansk utanriksminister.

TIL OSLO: Hillary Clinton kommer til Oslo 8. mars. Shannon Stapleton, Reuters (arkiv)

Heller ikkje dette er ukontroversielt: «En hån mot årets fredspris», skriv Seher Aydar i Dagbladet, og meiner invitasjonen bør «gi en litt vond smak i munnen» på 8. mars. Aydar er rådgjevar for Raudts stortingsgruppe og dessutan vara for Bjørnar Moxnes.

Dei seinare åra har «no-platforming» eller scenenekt blitt eit stadig tilbakevendande tema. Er det rett å gje å Bannon og Clinton taletid i Noreg?

Svaret er ja.

Det er rett nok liten grunn til å setje dei to i same bås, men motstanden mot å gje dei taletid byggjer på den same premissen: Det var betre om dei heldt seg heime.

Breitbart, som Bannon tidlegare var redaktør for, er no svartelista som kjelde for faktaopplysningar hos Wikipedia. Men Bannon er likevel interessant å lytte til for norske journalistar.

Les også

Frode Bjerkestrand: Mørkemannen kommer

Han er ein av mobilisatorane for dei høgrepopulistiske og ytterleggåande stemmene i Europa og USA. Hans agenda er djupt problematisk. Men Bannon skal ikkje halde ein propagandatale i Grieghallen.

Han stiller til eit intervju med Aftenpostens USA-korrespondent Christina Pletten, som vil ta opp viktige spørsmål om framveksten av alternative medium og dei nye høgrerørslene, ikkje minst i Europa, der Bannon no arbeider.

Kanskje har vi berre sett starten på framveksten av alternative media. Det er viktig å forstå meir av drivkreftene bak desse, sjølv om Bannon åleine ikkje vil gje fullgode svar på det.

Bannon er ein uttalt fiende av tradisjonelle medium. Det er likevel ikkje slik at Noreg blir ein betre plass ved ikkje å invitere talarar som er kontroversielle. Det einaste vi oppnår ved det, er ein svakare offentleg debatt.

Det er rett av Nordiske Mediedager å invitere Steve Bannon til Bergen.

Øyulf Hjertenes, sjefredaktør i Bergens Tidende, er styreleiar i Nordiske Mediedager.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».