Bybanen stoppar ikkje

Det er ikkje mogeleg å droppe Bybanen til Fyllingsdalen no. Heldigvis.

HAR STARTA: – Tunnelen mot Fyllingsdalen er i ferd med å bli sprengt ut. Kontraktar er inngått og utbygginga har forplikta seg til kostnadane. Det går ikkje an å stoppe den utbygginga no, meiner BT. Ørjan Deisz (Arkiv)

I eit intervju med BA seier Nils Haugland frå Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB) at dei vil sjå på innsparingar på bana til Fyllingsdalen.

I saka kjem det fram at Bybanen kan stoppast på Kristianborg, på Mindemyren. Til BT seier Haugland at det må vere eit alternativ å kutte ut tunnelen til Fyllingsdalen, dersom det er mogeleg.

Det er ikkje mogeleg.

Tunnelen mot Fyllingsdalen er nemleg i ferd med å bli sprengt ut. Kontraktar er inngått og utbygginga har forplikta seg til kostnadane.

Saka viser kor vanskeleg det er å kutte bompengane.

Les også

Så lite får han gjort med bompengane

FNB fekk 16,9 prosent oppslutning på førre BT-måling. I BA var dei nest størst i Bergen med over 20 prosent. Eit slikt parti – og framlegga deira – må takast på alvor.

Partiet kan lukkast i å stoppe Bybanen til Åsane, eller nokre av vegprosjekta som ligg inne i bompengefinansieringa. Det vil vere synd for byen, sidan ein då risikerer å ikkje nå målet om nullvekst for biltrafikken.

Går biltrafikken opp, bryt Bergen avtalen med staten. Skjer det, risikerer ein at staten krev sitt bidrag betalt tilbake. Då går bompengegjelda i taket. FNB er difor på rett spor når dei vurderer kostnadsreduserande tiltak til Fyllingsdalen. Men å kutte bana på Kristianborg ville gjort den allereie starta tunnelen til eit monument over «tilfeldighetenes by».

Les også

Her får BT-sjefen vite om CO₂-utsleppet sitt: – Folk som meg burde blitt piska

Uansett kor mange nye prosjekt som vert stoppa, vil det likevel vere behov for bomringane framover. Både for å betale for dei prosjekta som er bygde ut – eller som er under utbygging – og for å halde biltrafikken og forureininga nede.

Løysinga på det høge bompengetrykket i Bergen, ligg i at staten tar ein høgare andel av investeringane enn i dag.

No forpliktar regjeringa seg til å betale halvparten av rekninga. Hadde det vore gjort på dei første byggetrinna til Bybanen òg, hadde gjelda vore mykje lågare enn i dag. Sidan staten kom såpass seint med på spleiselaget, vil det vere behov for at staten tar på seg meir enn 50 prosent framover.

Det bør skje, uavhengig av kor godt bompengemotstandarane gjer det i haustens val.