Byens rusavhengige treng ein god plass å vere

Området Uteplassen for byens rusavhengige har viktige feil og manglar. No må byrådet raskt erkjenne feil og rydde opp.

Publisert Publisert

BARNEHAGEN: Det nye området Uteplassen har fått tilnamnet «barnehagen» av Bergens rusavhengige, men det er ingen leik å vere der. No må byrådet vise handlekraft, meiner Bergens Tidende på leiarplass. Foto: Marita Aarekol (arkiv)

  1. Leserne mener

Nyleg opna området Uteplassen ved MO-senteret (tidlegare Strax-huset) på Gyldenpris. Meininga er at byens rusavhengige skal vere her i staden for i gangtunnelen like ved.

«Her kan rusavhengige finne ly fra vær og vind, og ha et trygt oppholdssted», skreiv Bergen kommune på sine heimesider.

Tiltaket er eit prestisjeprosjekt for byrådet, og har så langt kosta 14,5 millionar kroner. Mykje tyder på at dette på langt nær blir den endelege prislappen.

For måndag kunne Klassekampen presentere ei lang rekke feil og manglar ved området.

Regn og vind går rett gjennom dei luftige trekonstruksjonane. Golvet har riller, som gjer at brukarane er redde for å miste pengar og dop. Området er ikkje universelt utforma for rullestolbrukarar.

Les også

Nå skal Morten André bort fra Straxtunnelen

Det manglar oskebeger. Bossbøttene lek. Overvakingskameraa er ikkje kopla til. Det manglar rømmingsvegar. Lyskastarane er for svake til at tilsette kan drive tilsyn på kveldstid. Borda og benkane er i treverk, der blod og skitt set seg fast.

Ein av dei rusavhengige fortel til Klassekampen at området blir kalla «barnehagen» på grunn av den leikeplass-aktige utforminga, men livet på Uteplassen er ingen leik:

Området er ikkje dimensjonert for alle som treng det, og ei kvinne fortel at ho fryktar trengselen vil gjere at valden aukar.

Mange av feila ser ut til å stamme frå det same utgangspunktet: Rusmiljøet blei aldri involvert i utforminga av Uteplassen.

Les også

Monika Schelander og «Historier om fattigdom» vant prisen for «Årets debattant»

Spesialrådgjevar Marit Grung i byrådsavdelinga for arbeid, sosial og bustad hadde ansvaret for å planlegge området. Ho erkjenner allereie no at Bergen kommune ikkje har oppnådd det dei ønskte:

«Vi har ikke samarbeidet godt nok internt i kommunen og burde involvert de som jobber tett på miljøet. Mye av konstruksjonen er feil», seier Grung til Klassekampen.

Det var heilt på sin plass å flytte rusmiljøet bort frå Strax-tunnelen og knyte det tettare til MO-senteret. Det kan også vere at det er rett å flytte meir av arbeidet over frå frivillige organisasjonar og over til offentleg regi.

Rusmiljøet sjølv føler seg førebels usikre på det nye området eit par veker etter opninga. Det treng ikkje vere det same som at Uteplassen ikkje kan bli bra på sikt.

Men førebels er ikkje sosialbyråd Lubna Jafferys (Ap) ønske om «tryggere og verdigere forhold» oppfylt. Då bør kommunen unngå å la det gå prestisje i saka, og kunne rette opp feil.

Det fortener Bergens rusavhengige.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».