Framleis ikkje i mål

Bergen treng Regnbuedagene.

FEIRING: Regnbuedagene er eit fast innslag i det bergenske bybiletet kvar juni. Her går ordførar Marte Mjøs Persen (Ap) med ei rekkje representantar for Foreningen Fri i paraden i 2017. Fred Ivar Utsi Klemetsen (arkiv)

Denne veka vaiar regnbogeflagget på rådhuset i Bergen. Det er ei fin markering av at Regnbuedagene. Bergen Pride, er eit arrangement for heile byen.

Festivalen vil vise fram mangfaldet i kjønn og seksualitet og feire retten til å elske den ein sjølv vil. Sjølv om lovverket i dag stort sett er tilfredsstillande, er det andre område der Noreg har ein veg å gå.

For femti år sidan starta regelrette gatekampar mellom politiet og det homofile miljøet utanfor baren Stonewall Inn i New York. Det blei starten på det som i dag er pride-festivalar over heile verda.

Trass alle tilbakeslag, er framgangen formidabel, både i Noreg og internasjonalt.

Les også

Pengene renner inn til familie som fikk huset ramponert

Den kristne avisa Dagen er mellom dei som ikkje vil feire pride-rørsla. Dei meiner tvert imot på leiarplass at «samfunnet på denne måten ukritisk hyller­ en revolusjon som på sikt kan få svært dramatiske­ og uheldige konsekvenser for både enkelt­mennesker og fellesskap».

Om Dagen meiner at det å få elske den ein vil gjev dramatiske konsekvensar for samfunnet, viser det nettopp at Regnbuedagene trengst. Saka der eit lesbisk par i Sandnes fekk huset ramponert, viser kva haldningar som framleis finst i Noreg.

Bergensskodespelar Lykke Kristine Moen har teke initiativ til ein innsamlingsaksjon til paret, og pengane strøymer inn. Det er solidaritet i praksis.

Pride-markeringane trengst, både i storbyar som Bergen, og utover på vestlandsbygdene. Særleg viktig er krava om meir kompetanse i offentleg sektor om kjønns- og seksualitetsmangfald.

Politi, helsevesen, barnevern, barnehagar, skuleverk og eldreomsorg er sektorar der det framleis er for tilfeldig kor vidt kunnskapen om slikt mangfald er på plass.

Les også

Debatt: Pride er ikke for alle

Det er heilt oppnåeleg å sikre at personar med eit anna kjønnsuttrykk, eller som elskar ein av same kjønn blir møtt på ein respektfull måte i offentleg sektor.

På same måte bør offentlege skjema få eit tredje alternativ til mann og kvinne. Det offentleg bør ikkje tvinge nokon til å måtte krysse av for å vere nokon ein ikkje er.

Slike kampar kan verke små og ubetydelege, men det er nettopp i kvardagen vi kan skape det mangfaldige og tolerante samfunnet.

Slik kan vi gjere Bergen og Vestlandet betre for alle.