Klimautsleppa går feil veg

Noregs klimautslepp gjekk opp i fjor. Det må Erna Solberg (H) ta ansvaret for.

FEIL VEG: Noregs klimautslepp gjekk opp i fjor. Dermed er Erna Solberg (H) og hennar regjering er endå lengre unna å nå sine eigne klimamål, skriv BT på leiarplass. Larsen, Håkon Mosvold / NTB Scanpix

Sidan 1989 har Stortinget gong på gong vedteke at dei norske klimautsleppa skal ned. Kvar gong har lovnaden blitt broten. Måndag kom det statistikk som viser at utsleppa av klimagassar i fjor auka igjen, etter to år med nedgang.

Auken var rett nok ikkje stor, berre 0,4 prosent. Regjeringas forsvar er at auken delvis skuldast mindre import av palmeolje til biodrivstoff, som i seg sjølv er fornuftig. Men samstundes aukar òg utsleppa frå både anleggsarbeid, skip og flytrafikken markant.

Les også

Vil ha krisepakke for klima – ikke for bompenger

Utviklinga går altså feil veg, noko som gjer at måla for klimapolitikken blir stadig mindre oppnåelege. Stortinget vedtok i 2017 ei klimalov. Den seier at utslepp av klimagassar i 2030 skal vere 40 prosent lågare enn det var i 1990.

Skulle alt dette blitt tatt nasjonalt, måtte Noreg kutte utsleppa tilsvarande 1,8 millionar tonn CO₂ kvart år, inkludert i år. Til samanlikning har utsleppa i Solberg-regjeringas første fem år gått ned med ein million tonn.

Ein del av kutta fram til 2030 kan takast gjennom kvotesystemet, der norske bedrifter kan betale for reduksjonar i andre land. Men, som regjeringa sjølv har sagt, må mesteparten av kutta skje nasjonalt.

Regjeringa har i tillegg sagt dei vil binde Noreg til EUs klimamål, som er venta å bli endå meir ambisiøse.

Reaksjonen på den noko dystre statistikken frå SSB bør vere eit radikalt taktskifte i den praktiske klimapolitikken. Ord må bli til handling.

Løyvingane til ulike klimatiltak må aukast radikalt. Eit slik tiltak er karbonfangstprosjektet Northern Lights. Det har potensial til å fange fem millionar tonn CO₂ i året, ved å pumpe fanga CO₂ i røyr frå Øygarden til eit sikkert lager i Nordsjøen.

Eit anna tiltak er Equinors plan om å elektrifisere Snorre og Gullfaks med straum frå flytande vindturbinar. Hywind Tampen, som prosjektet heiter, vil kutte utsleppa med 200.000 tonn.

Les også

Hva om vi erobrer havet med vindturbiner?

Båe prosjekta vil òg kunne danne grunnlaget for teknologiutvikling og ny næringsverksemd. Men båe prosjekta er avhengig av omfattande statleg stønad. Det bør dei få.

Dette er berre to døme. Norsk industri har gong på gong vist evne til omstilling og kreativitet. Det å utnytte denne evna er kanskje den politisk enklaste strategien for å få ned utsleppa, sjølv om det vil koste på kort sikt.

Felles for desse tiltaka er at det vil ta tid før effekten kjem. Difor kjem ikkje regjering og Storting unna tiltak som vil råke folk og bedrifter meir direkte.

Her er det ikkje like lett å vere optimistisk. Det siste halvåret har både regjering og opposisjon vist kor lett dei gjev etter for motstand, både i spørsmålet om bompengar og vindkraft.

Skal Noreg klare å få ned klimautsleppa må våre folkevalde stramme seg opp.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».