Framleis for farleg på to hjul

Bergen blir ikkje ein skikkeleg sykkelby før det vert tryggare å sykle til jobb.

MÅ VIKE: – Det er ikkje Statens vegvesen som må stå for det viktigaste tiltaket for å gjere det tryggare å sykle: Bilistane må ta meir omsyn til trafikken rundt seg, meiner Bergens Tidende. Alice Bratshaug

På berre 660 meter mellom krysset frå Nattlandsfjellet til Mannsverk har det vore 14 sykkelulukker i perioden 2010–2017. Det er ein av Bergens farlegaste vegstrekningar.

Det er generelt ei positiv utvikling for syklistar i Bergen. Bysykkelordninga gjer sykling til eit alternativ for fleire, og det vert bygd nye sykkelvegar. Men strekninga i Nattlandsveien viser at det er store problem som står att.

Men om Bergen skal bli ein skikkeleg sykkelby, må slike problem lukast ut.

Les også

Buss og syklist krasjet ved Bontelabo, mann (40) sendt til sykehus

Dei kortsiktige tiltaka Statens vegvesen peikar på i Nattlandsveien er ganske rimelege: betre skilting, raudmalt sykkelveg, oppstramming av kryss og fjerning av parkeringsplassar ut mot kryssa.

Det er vanskeleg å forstå kvifor slike tiltak ikkje har kome på plass før. Dette er tiltak som bør gjennomførast fleire stader, for Nattlandsveien er langt frå den einaste farlege sykkelstrekninga.

På lengre sikt må syklistane få ein egen trasé, separert frå biltrafikken.

Ulukkene kjem ofte av at bilistar bryt vikeplikta. Syklistane kan kome i stor fart, og fleire av kryssa er ikkje oversiktlege.

Difor er det ikkje Statens vegvesen som må stå for det viktigaste tiltaket: Bilistane må ta meir omsyn til trafikken rundt seg.

Politiet har ei viktig rolle for å endre haldningar, ved å slå ned på farleg bilkøyring. Men det er ikkje alltid like tydeleg: I fjor sa leiaren for trafikkseksjonen i sentrumspolitiet Atle Olav Heradstveit at syklistar bør ta det litt rolegare.

Heradstveit har rett i at det ikkje hjelper å ha forkøyrsretten på si side dersom ein vert påkøyrd av ein bil. Det er nemleg langt farlegare for ein syklist å bli påkøyrd, enn det er for ein bilist. Men problemet er bilistens brot på vikeplikta.

Det er ingen som krev at bilistar sakkar ned når dei har forkøyrsrett. Bilistar som ikkje forstår faren ved å bryte vikeplikta må stoppast.

Bergen er ein vanskeleg by å legge til rette for sykling. Busetjinga er spreidd, slik at syklinga ofte skjer på høgt trafikkerte bilvegar.

Det var ikkje akkurat sykkel som dominerte årets valkamp, men fleire syklistar er eit viktig bidrag for ein betre by.