Verda gir altfor mykje gass

Norsk gass skulle vere ei klimaløysing. Likevel er gass no skuld i at verdas klimautslepp veks.

Publisert: Publisert:

GASS VEKS: «Gass står for meir enn halvparten av den totale veksten frå fjoråret. Det bør få norske politikarar til å sperre opp auga», meiner Bergens Tidende. Her er landanlegget til Ormen Lange-feltet i Møre og Romsdal. Foto: Tom Kolstad (Arkiv)

Medan verdas leiarar er samla til klimatoppmøte i Madrid, kom Global Carbon Project med nye tal for verdas klimautslepp.

Dei anslår at utsleppa vil stige med 0,6 prosent i 2019. Det einaste positive med desse tala, er at veksten er lågare enn dei førre åra. USA og EU lukkast i å kutte utslepp, og veksten i India er lågare enn venta.

Verda har dårleg tid til å hindre svært skadelege klimaendringar. Då er lågare vekst ei fattig trøyst. Sjølv ein liten vekst gjer vegen til klimamålet lenger.

Kol fell overraskande mykje i denne prognosen. Fallet hadde neppe vore så stort, om ikkje Kina og India opplevde lågare økonomisk vekst. I så tilfelle er fallet kortvarig.

Verda må frikople økonomisk vekst frå utsleppsvekst. Elles kjem ein ikkje i mål.

Reduksjonen i kolkraft vert meir enn kompensert av veksten i olje og gass.

Gass står for meir enn halvparten av den totale veksten frå fjoråret. Det bør få norske politikarar til å sperre opp auga. Utsleppa frå gass veks mest i USA og EU.

Les også

Bedriftene på Vestlandet ble spurt om klima-ambisjoner. Slik svarte de.

«Vår gass har en nøkkelrolle for at EU skal nå sine klimamål», meiner Karl Eirik Schjøtt-Pedersen i interesseorganisasjonen Norsk olje og gass.

Tanken er at gass erstatter endå meir forureinande kolkraft. Men om utsleppa frå gass stig meir enn fallet i kol, er norsk gass eit klimaproblem.

Den europeiske investeringsbanken (EIB) har allereie signalisert at dei ikkje vil finansiere fossil energi etter 2021. Det inkluderer gass.

Dei nye tala bør òg påverke dei som forhandlar på klimatoppmøtet i Madrid. For sjølv om det er på neste års toppmøte at landa skal melde inn konkrete mål for utsleppskutt, legg ein grunnlaget no.

Det viktigaste verdsleiarane kan få til på dette møtet, er å få Parisavtalen til å fungere i praksis. Det betyr at landa må bli einige om regelboka for avtalen.

Det som står att frå fjorårets toppmøte i Polen, er korleis ein skal telje klimautslepp.

Noreg betaler for klimakutt i andre land. Men utsleppskutta vil telje dobbelt dersom både Noreg og mottakarlandet reknar det som eit kutt i sine utslepp. Det hjelper ikkje med svært ambisiøse klimamål, dersom teljemetoden berre får utsleppskutta til å sjå større ut.

På heimebane bør norske politikarar revurdere forteljinga om gassen som klimaløysing. Det hjelper ikkje med kutt i kol dersom gassen veks meir.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».