Urimeleg maktbruk

Utlendingsdirektoratet (UDI) bør miste retten til å ta frå folk statsborgarskapet utan ei domstolsavgjerd.

FOR IVRIG: Innvandringsminister Sylvi Listhaug og hennar byråkratar i UDI har ikkje handla fornuftig i saka mot Mahad Abid Mahamud, skriv BT på leiarplass. Pedersen, Terje / NTB scanpix

Fredag kunne TV2 fortelje historia til den 30 år gamle bioingeniøren Mahad Adib Mahamud. Han kom til Norge som 14-åring, men har no blitt fråteken sitt norske statsborgarskap av Utlendingsdirektoratet (UDI). Dei meiner han laug då han sa han kom frå Somalia, og dermed fekk opphaldsløyve på falskt grunnlag.

UDI meiner Mahamud kjem frå nabostaten Djibouti, noko både han og dei djiboutiske styresmaktene nektar for. Viss UDI vinn fram i rettssaka som byrjar 21. februar, vil Mahamud dermed bli statslaus.

Saka har skapt sterke reaksjonar. Jusprofessor Mads Andenæs seier til TV2 at vedtaket bryt med Europakonvensjonen, som seier at statar berre unntaksvis kan ta frå nokon borgarskapet viss konsekvensen er at dei blir statslause. Han meiner Norge her er strengare enn noko anna land i Europa.

Det er viktig for tilliten til asylsystemet at styresmaktene gjer mykje for å hindre misbruk. Difor er det gode grunnar til at ein bør undersøkje gamle saker. Men når det har gått så lang tid som i denne saka, så må styresmaktene leve med at dei har gjort ein feil. Å ta frå Mahamud statsborgarskapet har ingen fordelar for det norske samfunnet.

Les også

Rettstryggleik for alle

Slik saka mot Mahamud står fram i media tyder det på at innvandringsminister Sylvi Listhaug og hennar byråkratar i UDI har tatt politikken for langt. Ein ting er at dei etter alt å døme bryt med norsk lov, sidan artikkelen i Europakonvensjonen som regulerer dette vart tatt opp i norsk lov i 2009. Minst like viktig er det at saka strid i mot ein fornuftig innvandrings- og integreringspolitikk.

Mahamud var berre 14 år då han kom til Norge. Han var med andre ord eit barn då han eventuelt laug. Han har budd her heile sitt vaksne liv og er godt integrert i Norge, med god utdanning, fast jobb på Ullevål sjukehus og hus og familie i Nittedal. Både tida som har gått, alderen på Mahamud då han kom og tilknytinga til riket bør telje tungt til hans fordel.

Det å bli fråteke statsborgarskapet er svært alvorleg, og har konsekvensar for alt frå legehjelp til jobb. Venstre-leiar Trine Skei Grande la i førre veke fram eit forslag i Stortinget på vegner av Venstre, SV og Ap, om at tilbakekalling av statsborgarskap berre kan skje etter ei avgjerd i ein domstol. Saka til Mahamud viser at eit slikt rettsvern er naudsynt.

Norge bør ha ein streng og rettvis innvandringspolitikk, men den må følgje normale rettsstatsprinsipp og vere rimeleg.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».