Fråværsgrensa fungerer

Kraftig nedgang i fråværet på vidaregåande skular viser at fråværsgrensa er eit godt tiltak.

Publisert: Publisert:

SUKSESS: Utdanningsminister Torbjørn Røe Isaksen har all grunn til å vere nøgd med resultata av fråværsgrensa i vidaregåande, men han bør gripe fatt i problema ordninga skaper for fastlegane, skriv BT på leiarplass. Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Etter at regjeringa innførte ei grense på maksimalt 10 prosent fråvær i vidaregåande skular i fjor haust, har fråværet gått dramatisk ned. Det er ei god nyheit både for landet og for dei elevane som no kjem seg på skulen.

Dei første rapportane om nedgang i fråværet kom allereie kort tid etter ordninga vart innført, som reportasjar frå enkeltskular. No har dei første fylkesrapportane kome. Buskerud har registrert ein nedgang i timefråværet på 22 prosent, Troms på 25 prosent, medan Sør-Trøndelag har hatt ein nedgang på heile 44 prosent. For sistnemnde fylke var nedgangen i heile fråværsdagar nesten like høg, 41 prosent.

Nedgangen lèt etter seg liten tvil om at mykje av fråværet har vore reint skulk. Eit land som i så stor grad vil vere avhengig av ei høgt utdanna befolkning i framtida, har ikkje råd til å sløse med menneskelege ressursar på den måten.

Fråværsgrensa er ei god førebuing til livet etter vidaregåande. Høgt fråvær er noko av det første ein arbeidsgjevar sjekkar. Ingen ønskjer å tilsette folk som ikkje møter opp på jobb. Når elevar må møte på skulen gjev det både fagleg lærdom og sjølvdisiplin, som båe er viktig for å klare seg vidare i livet.

Les også

Det får være grenser for fravær

Arbeidarpartiet stemte i fjor for fråværsgrensa, men no har programkomiteen i partiet gått inn for å fjerne grensa og erstatte ho med «et nytt nasjonalt regelverk som bidrar til mindre byråkrati». Kva dette regelverket skal gå ut på er førebels uklart. Tala som kjem inn frå fylka viser at forslaget frå programkomiteen bør skrotast.

Ein ting politikarane likevel bør sjå nærmare på er rapportane om at fastlegane blir rende ned av sjuke ungdommar som treng legeerklæring. Ei slik erklæring gjev gyldig fråvær, noko som ikkje blir råka av 10-prosents grensa.

Laurdag offentleggjorde Klassekampen ei undersøking Legeforeininga har gjort. Der svarar 93 prosent av legane at dei får fleire førespurnader om skriving av attestar etter innføringa av fråværsgrensa. Over ein tredel seier dette skaper problem i arbeidskvardagen, og eit fleirtal av desse seier det går ut over andre pasientar.

Dette er alvorleg og noko regjeringa bør rydde opp i. Men argument for å fjerne fråværsgrensa er det ikkje.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».