Pressas skjøre tillit

I ei tid der tilliten til media er under press, må media sjølv halde sin sti rein.

KRITIKK: Når landets største avis blir skulda for å dikte opp sitat i ei høgt profilert politisk sak, har ikkje berre VG eit problem, skriv BT på leiarplass. På biletet: VGs ansvarleg redaktør Gard Steiro. Cornelius Poppe, NTB Scanpix

Når landets største avis blir skulda for å dikte opp sitat i ei høgt profilert politisk sak, har ikkje berre VG eit problem. Slik saka om den famøse dansevideoen til Trond Giske (Ap) står fram, kan framferda til VG svekkje tilliten til pressa. Det treng korkje pressa eller demokratiet.

Kvinna på videoen seier til TV 2 at VGs journalist ignorerte hennar protestar på feilsitering, og ikkje tok med hennar opplysning om at Giske ikkje hadde gjort noko gale. Slik VGs første sak stod fram, kunne ho lesast som om Giske nok ein gong hadde vore ufin med kvinner.

Vi har enno ikkje fått VGs fulle versjon av saka. Men avisa har beklaga, sett i gang ei intern gransking, og fjerna dei omstridde sitata frå nettet.

Det er ein god start. For avisa er det no viktig at dei er open om kva som har skjedd og kva dei vil gjere framover, for å byggje opp tilliten igjen.

Les også

VG beklager overfor feilsitert kvinne, Trond Giske og leserne

At folk har tillit til det media formidlar er sjølve grunnlaget for vår eksistens. Denne saka åleine trugar nok ikkje den. Men i ei tid der tilliten til media er under press kan ikkje media gå fram på den måten VG ser ut til å ha gjort i denne saka.

Pressas fremste styrke i møte med falske eller ubalanserte nyheiter i sosiale medium og ulike nettstader, er at vi formidlar sanninga. Vi har ei plikt til å få fram alle sider av ei sak, og til å framstille fakta og sitat nøyaktig og truverdig. Det er dette vår tillit i folket heng på, og det er ein tillit som må vaktast med omhug.

Lyspunktet i denne saka er at andre medium viste ansvar og fekk fram sidene i saka som VGs opphavlege sak ikkje gjorde. Få timar etter VGs første sak, publiserte NRK eit intervju med kvinna der ho fortalde at ingenting gale hadde skjedd den aktuelle kvelden. Og denne veka var det TV 2 som fortalde om kvinnas oppleving av møtet med VGs journalist.

I motsetning til det mange kanskje trur, er tiltrua til norsk presse stor. Ein rapport frå Reuters og UiB konkluderte i 2018 med at nordmenn generelt sett har høg tillit til nyheitene i media.

Berre sju prosent seier seg svært usamd i påstanden om at ein kan stole på nyheitene mesteparten av tida. Rundt 75 prosent meiner dei store media, og lokalavisene, er påliteleg. For NRK er talet endå høgare.

Men i ei tid prega av aukande politisk polarisering, identitetskamp og fragmentering av folks medieinntak, skal ein ikkje undervurdere kor sårbar tilliten er. Såleis tener denne saka som ei nyttig påminning om kva som står på spel.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».