Viken bør ikkje samlast i val

Nye Viken fylke bør halde saman, men storfylket kan ikkje bli eit eige valdistrikt.

Publisert:

VIL LEGGE NED: Det nye fleirtalet i Viken vil reversere fylkessamanslåinga. Det er ein dårleg idé, meiner Bergens Tidende. F.v: Anne Beathe Tvinnereim (Sp), Tonje Brenna (Ap), Kristoffer Robin Haug (MDG) og Camilla Sørensen Eidsvold (SV). Berit Roald

Etter nyttår vil Noreg gå frå 18 til 11 fylke. Men får fleire lokalpolitikarar viljen sin, vil talet stige igjen.

Det nye fleirtalet i Viken vil til dømes reversere samanslåinga av Akershus, Buskerud og Østfold. Viken er regionreformas største feil, men ei oppsplitting er nok å gå for langt. Fylkespolitikarane bør heller bruke kreftene sine på å få den snart iverksette samanslåinga til å fungere best mogeleg.

Mykje av kritikken mot Viken har handla om areal: Fylket blir for stort, og strekk seg frå Geilo til svenskegrensa. Men Viken vil berre bli sjette størst.

Det største problemet med Viken er folketalet. Nesten kvar fjerde innbyggar i Noreg vil bu i Viken. Fylket vil ha like mange innbyggarar som dei to neste fylka på lista – Oslo og Vestland – til saman.

Det kan bli eit problem for resten av landet – og for demokratiet.

Les også

BT mener: Vestland har livets rett

Regjeringa har nedsett eit vallovutval som skal vurdere valordninga, blant anna i lys av nye fylkesgrenser. Dersom dei nye fylka òg skal bli valdistrikt til Stortinget, vil Viken få fleire mandat og meir makt enn mange andre fylke til saman.

Men det følgjer berre av folketalet. Det finst konsekvensar som er langt meir alvorlege enn at mykje makt vert samla på éin fylkesbenk.

I praksis vil valordninga bli svært annleis i Viken enn i resten av landet.

Når eitt valdistrikt får veldig mange mandat til fordeling, vil det føre til ei fragmentering av partistrukturen. Veldig små parti som ikkje ville kome inn nokon andre stader i landet, ville fått mandat i Viken.

Lokale lister vil ha ein mykje større sjanse til å kome inn i Viken enn andre stader. Det er i seg sjølv eit brot med den norske valordninga, som har gitt styringsdyktige storting med brei nok representasjon.

Om ei lokal liste sit på vippen på Stortinget, vil det norske styresettet bli mindre stabilt, og det vil bli langt vanskelegare å danne ei regjering.

I motsatt ende av skalaen er det problematisk med for små valdistrikt. Finnmark og Sogn og Fjordane er døme på valdistrikt der få parti vert representerte.

Difor kan det vere fornuftig at nokre valdistrikt følgjer dei nye fylkesgrensene – men det må ikkje gjelde Viken.

Det blir for stort, for dominerande og for fragmentert.

Publisert: