No ser vi kva norske fagfolk er laga av

Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, yrkessjåførar, lagerarbeidarar, reinhaldarar, butikkmedarbeidarar og mange, mange andre fortener heile Noregs takk.

Publisert Publisert

Linn Ekse er butikksjef på Spar Øyrane Torg. Ho er ein av mange kvardagsheltar som har fått hendene fulle av oppgåver etter koronautbrotet. Foto: Bård Bøe

  1. Leserne mener
iconDenne artikkelen er 14 dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt livesenter for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til livesenteret

Kven utfører dei viktige oppgåvene i eit samfunn? Det er nesten umogleg å gje eit svar på dette spørsmålet. Er det dei med høgast rang i det offisielle Noreg? Dei med høgast løn? Eller dei som får mest taletid i media?

I krisetider blir det svært tydeleg kven vi ikkje greier oss utan.

Om dei tilsette i renovasjonsetaten no blir sjuke, vil byar og bygder ganske raskt ende opp med bossberg som vil vere svært alvorleg for folkehelsa.

Om butikkmedarbeidarar, sjåførar og lagermedarbeidarar ikkje kjem på jobb, står Noreg fort utan matvarer og andre ting vi treng.

Om ikkje reinhaldarar, helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, portørar og mange, mange andre i helsesektoren no ikkje greier presset, vil krisa bli endå meir alvorleg enn ho allereie er.

Desse yrka er ulike. Nokre krev fleire års høgare utdanning, medan andre rekrutterer mange ufaglærte. Felles er likevel at mange av yrka vi no ser at vi er avhengige av, slit med både låg løn og låg status.

Å «jobbe i kassa på Rimi» er ikkje noko heidersuttrykk. Rimi er borte, men uttrykket finst framleis. Denne nedvurderinga av eit viktig yrke bør no ta slutt.

Ein jobb «i luka på Nav» blir heller ikkje tilgodesett med mykje status. No ser vi kor viktig det er at denne fyrstelina i velferdsstaten fungerer, og kor avgjerande det er at vi har flinke folk på jobb.

Dei siste dagane har det kome rapportar om korleis butikkmedarbeidarar for fyrste gong er verkeleg stolte av yrket sitt. Det bør dei vere.

Sjukepleiarar og andre i helsevesenet blir ofte omtalt som «varme hender» eller «englar i kvitt». Men dette er fagfolk med høgskule- og universitetsutdanning som bidreg med kunnskap og kompetanse i helsevesenet.

No står vi i ei krise. Då er det viktigare at ein sjukepleiar held hovudet kaldt enn at hen held hendene varme.

Nyleg kom søkjartala for vidaregåande opplæring. Dei viser at fleire ungdomar søkjer seg til yrkesfag. Dette er svært bra. Framtidas Noreg vil trenge dyktige og motiverte fagarbeidarar innanfor alle område.

Uttrykk som «vaskekjerring», «barnehagetante» og «kassadame» er med på å nedvurdere viktige yrke. Særleg gjeld det kvinnedominerte delar av arbeidslivet.

Ein viktig lærdom Noreg bør ta av denne krisa, er kor avhengige vi er av mange yrke vi ikkje snakkar varmt nok om til dagleg.

I mellomtida kan vi stø dei i den viktige jobben dei no gjer for landet.

Og sende dei ein takk.

  • Hør Koronapodden i appen BT Lytt eller direkte i vinduet nedenfor:
Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».