Trugsmålet frå Kina

Massedemonstrasjonane i Hongkong synleggjer frykta for det undertrykkande regimet i Kina.

I GATENE: Søndag demonstrerte to millionar i Hongkongs gater, ifølgje arrangørane. Demonstrantane kjemper ein viktig kamp for langt fleire enn seg sjølve, skriv BT på leiarplass. TYRONE SIU, REUTERS

Folket i Hongkong har den siste veka demonstrert i eit omfang ein knapt har sett sidan provinsen vart overlevert frå Storbritannia til Kina i 1997. Ifølgje demonstrantane har to millionar demonstrert, politiet hevdar det berre har vore 338.000.

Massedemonstrasjonane er ein protest mot ei foreslått lovendring som gjer at folk mistenkte for kriminalitet kan bli utleverte til Kina. Demonstrantane fryktar lova vil gje Kina tilgang å forfølgje politiske dissidentar i Hongkong, slik dei så effektivt gjer i resten av Kina.

Demonstrantane kjemper her ein viktig kamp for langt fleire enn seg sjølve.

LOJAL: Hongkongs øvste leiar, Carrie Lam (til v.) blir sett på som ein marionett for regimet i Fastlands-Kina. Her saman med Kinas president Xi Jinping då vart svoren inn i stillinga i 2017. Bobby Yip / X00306

Då Storbritannia leverte provinsen tilbake til Kina, inngjekk dei to landa ein avtale som skal sikre liberale rettar og eit fritt rettssystem i Hongkong. Å opne for utlevering av folk det kinesiske regimet definerer som kriminelle, vil vere å undergrave denne avtalen.

Søndag valde byens leiar, Carrie Lam, å utsetje lovforslaget «på ubestemt tid». Lams fremste rådgjevar, Bernard Chan, seier til Bloomberg at det er ingen sjanse for at forslaget blir fremja på nytt.

Ein viktig årsak til snuoperasjonen er at demonstrantane i gata denne gongen har støtte frå store delar av eliten i byen. Hongkong er eit av verdas viktigaste finanssentrum. Økonomisk fridom, lite korrupsjon og eit upolitisk rettssystem er viktig òg for byens forretningsfolk.

Sjølv om utleveringslova skulle bli stoppa for godt, er Hongkong langt unna den demokratiseringa mange såg for seg i 1997. Det kinesiske kommunistpartiet har tolka avtalen på sin måte, noko som har stoppa ei utviding av demokratiet.

I tillegg har byens styresmakter fengsla aktivistar, hindra opposisjonspolitikarar i å stille til val og forbode parti dei ikkje likar. Den økonomiske eliten har lenge vore passiv tilskodar, men no har utviklinga gått så langt at det er «blitt vanskelegare å feie problema under teppet», seier leiar Tara Joseph i det amerikanske handelskammeret i byen til Financial Times.

Demonstrasjonane i Hongkong er ei nyttig påminning om kva Kina er: Ein autoritær politistat, med verktøy gamle austtyske Stasi ville misunnt dei.

Kina tek i bruk moderne digital teknologi som gjer overvaking mogeleg djupt inn i privatlivet til folk. Det kinesiske regimet godtek ikkje kritikk og avvikande meiningar, i alle høve ikkje slike som får konsekvensar for deira makt og kontroll.

Dei som kjempar mot denne undertrykkinga fortener difor all støtte dei kan få.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».