Ver roleg og hald fram

Drapa i London viser at mykje framleis er ugjort i kampen mot terror.

Publisert Publisert

TERROR: I kampen mot heimeavla terror er førebygging gjennom «mjuke» tiltak som dialog og tillitsskaping vel så viktig som overvaking og kontroll, skriv BT på leiarplass. Foto: NTB Scanpix

  1. Leserne mener
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

For fjerde gong på eitt år blir ein europeisk storby råka av eit terroråtak. Onsdag skjedde det i London. Som i Nice i juli og Berlin i desember i fjor, køyrde ein gjerningsmann inn i ei folkemengde. I London gjekk mannen ut av bilen og drap ein uvæpna politimann med kniv.

Politiet i England jobbar ut frå ein teori om at gjerningsmannen er «inspirert av internasjonal terrorisme». I går ettermiddag tok terrororganisasjonen IS på seg skulda for aksjonen.

Den britiske statsministeren, Theresa May, varsla i går meir væpna politi i gatene i London då ho talte til Parlamentet. Her i landet gjer åtaket at ein igjen må stille spørsmålet om vi gjer nok for å sikre oss.

Noreg har til no ikkje opplevd islamistisk terror. Dei fleste terroraksjonar her i landet er utført av høgreradikale. Men det er ikkje det same som at radikale islamistar ikkje utgjer noko fare. Politiets tryggingsteneste (PST) har gjentatte gongar hatt islamistisk terror øvst blant trugsmål mot det norske samfunnet. Det er all grunn til å tru at trugsmålet er reelt.

Les også

Etter Berlin-terroren: Kampen om det gode

Fråværet av aksjonar kan tyde på at politiet har gjort ein god jobb med å halde kontroll på miljø som utgjer trugsmål. I kampen mot heimeavla terror er førebygging gjennom «mjuke» tiltak som dialog og tillitsskaping vel så viktig som overvaking og kontroll. På det feltet har det såkalla Prevent-programmet i Storbritannia hatt motsett verknad, ved å skape ein djup mistillit mellom muslimar og storsamfunnet.

Men i Noreg er det òg potensial for forbetringar. Under terroraksjonen mot regjeringskvartalet i 2011 tok det altfor lang tid før viktige bygningar som Stortinget og statsministerbustaden vart sikra. Fire år seinare konkluderte Riksrevisjonen med at beredskapen til politi og forsvar framleis hadde «svært alvorlege» manglar.

Tysdag sa statsminister Erna Solberg (H) seg samd i kritikken, men peika ut Politidirektoratet som syndebukk. Det held ikkje. Hendinga i London understrekar kor viktig det er å gjere det ein kan for å sikre borgarar og samfunn. Det ansvaret kviler på regjeringa.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».