Engelsk bør bli standard i norske farvatn

Ulykka med fregatten KNM «Helge Ingstad» viser at kommunikasjon på norsk svekkjer tryggleiken langs kysten.

NORSK: Fleire større skip i området forstod ikkje kva som skjedde før nær 50 minutt etter at fregatten «Helge Ingstad» kolliderte med eit tankskip førre veke, fordi kommunikasjonen skjedde på norsk. Det svekkjer tryggleiken langs kysten, og må endrast, skriv BT på leiarplass. Foto: Geir Martin Strande

Publisert:

Lydloggen frå kollisjonen mellom fregatten KNM «Helge Ingstad», tankskipet «Sola TS» og Sjøtrafikksentralen på Fedje viser at kommunikasjon gjekk føre seg på norsk.

Det gjorde at førarane av fleire større fartøy i same området ikkje forstod kva som vart sagt. Først nær 50 minutt etter ulykka kom eit «mayday» på engelsk frå trafikksentralen på Fedje.

Det er høgst problematisk. Til dømes måtte eit av skipa som var på parallellkurs med «Sola TS» gjennomføre ein unnamanøver for å unngå kollisjon med tankskipet. «Eg høyrde det var nokon som snakka på VHF før kollisjonen, men alt føregjekk på norsk og eg forstod ikkje kva dei sa», fortalde styrmann Oleg Kuryanov på «Vestbris» til BT i etterkant.

Les også

Tankskipet ba KNM «Helge Ingstad» svinge unna gjentatte ganger før kollisjonen

Når skip i området ikkje forstår kva som blir sagt, kan dei heller ikkje gjennomføre kursendringar som kan gjere det lettare for dei involverte skipa å unngå kollisjon. Dessutan kan språkvanskane føre til at andre skip ikkje kjem til assistanse til havaristane, eller at dette tek lengre tid enn naudsynt.

Om fråvær av engelsk kommunikasjon fekk slike konsekvensar i denne saka, er for tidleg å seie. Men ulykka har synleggjort ein veikskap i regelverk og praksis.

Mykje tyder på at problemet oppstod med innføring av farledsbevis. Såkalla lospliktige skip opp til 150 meter treng ikkje lenger norsk los om bord, viss føraren er sertifisert til å føre skipet åleine i området, og skipet ikkje fører farleg last. I visse tilfelle kan òg endå større skip førast på denne måten.

Ifølgje Kystverket har 3300 navigatørar aktive, gyldige farledsbevis. Av desse har 2434 Hjeltefjorden inkludert i beviset.

Det er ingen krav til at desse førarane må kunne norsk. Samstundes har regelverket ingen krav om at kommunikasjonen må gå føre seg på engelsk, men på skandinavisk eller engelsk.

Med ein stadig meir internasjonalisert skipsfart, òg langs kysten, er det all grunn til å sjå på regelverket på nytt.

Fråværet av eit felles språk har potensial til å skape farlege situasjonar. Det er vanskeleg å sjå nokon grunn til at ein ikkje skal innføre engelsk som einaste kommunikasjonsspråk for skip i norsk farvatn. Det vil gjere norske farvatn tryggare for alle.