Den krevjande overgangen

Det er for tidleg å felle dom over regjeringa si handsaming av krisa i oljenæringa.

Publisert Publisert

DYSTER LØYEPEMELDING: Regjeringa må balansera hårfint. Å pumpa ut for mange tiltakspakkar, kan verke mot si hensikt. Dersom den offentlege pengebruken strammast inn for hardt, kan skaden bli stor. FOTO: Scanpix

Statsminister Erna Solberg (H) har ei fin evne til å seie det opplagde: «Vi er ikkje inne i ei konjunkturnedgang for at alle skal tilbake til den gamle jobben sin», sa ho etter eit møte om den økonomiske situasjonen måndag.

Realitetsorienteringa er kanskje overflødig. Men arbeidsløysa i Noreg har auka med eitt prosentpoeng på eitt år, og det er framleis viktig å understreka at landet ikkje skal leva av olje til evig tid.

Krisa i oljenæringa rammar kyststripa hardast, og det er der ropa om statleg hjelp no aukar i styrke. Overgangen vil bli vond, men den kan ikkje handterast med offentlege tiltak aleine.

Økonomane meiner regjeringa sin politikk stort sett fungerer, men at ho kan gjera meir for å investera i infrastruktur, for å utvikla ny kompetanse og for å endra skattesystemet.

Innspela er kloke og logiske. Men som økonomane er mest opptekne av, fortener dei langsiktige tiltaka også mykje merksemd.

Bakteppet er dunkelt. I går kom Nav med nye prognosar for utviklinga i arbeidsløysa. Varsla om oppseiingar og permitteringar dobla seg frå 2014 til 2015. Svært mange av varsla kom rett før jul, dei fleste frå oljeutvinning eller industri.

Finansminister Siv Jensen (Frp) er tydeleg på at regjeringa kan opna for nye krisetiltak under revideringa av statsbudsjettet i mai. Frå før har regjeringa lagt inn ei tiltakspakke på fire milliardar kroner, som skal gå til auka satsing på offentleg vedlikehald og næringsutvikling.

  • Ledigheten i Bergen øker: Byrådet legger press på regjeringen.
    Nedturen i norsk økonomi krev ekstra kalde hovud. I fjor sommar bad eit regjeringsoppnevnt utval om at regjeringa stramma inn på bruken av oljepengar i statsbudsjettet. Frykta for at staten i for stor grad nyttar Oljefondet til å halda aktiviteten kunstig høg, er reell.

Nye arbeidsplassar som skapast bør ikkje leva på subsidiar, men må stå på eigne bein. Skal norsk arbeidsliv riggast for ei ny framtid, er det helt sentralt å auke produktiviteten.

Regjeringa må balansera hårfint. Å pumpa ut for mange tiltakspakkar, kan verke mot si hensikt. Dersom den offentlege pengebruken strammast inn for hardt, kan skaden bli stor. Men ofte har marknaden sjølv ein fin evne til å ordna opp. Oljekrisa har i det minste ført til mykje lågare kostnader i oljeindustrien.

Somme av dei viktigaste faktorane for å takla krisa ligg utanfor regjeringa si kontroll. Å halda kronekursen nede, kombinert med moderate lønsoppgjer, er også ein del av oppskrifta for å styrkja konkurranseevna for næringslivet.

Her har både Noregs Bank, fagorganisasjonane og arbeidsgjevarane eit stort ansvar. Sentralbanken er kanskje under ekstra stort press. Ein kan ikkje sjå bort frå at også Noreg må ned på negative renter for å halde kronekursen tilstrekkeleg låg.

For alle andre er det ein god ide å følgja statsministeren sitt velmeinte råd frå møtet måndag: «Akkurat no er det andre stader enn i oljenæringa folk må søkje seg jobb».

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».