Ikkje friskmeld enno

Stadig nye rapportar om lus og fiskedød viser at oppdrettsnæringa framleis har mykje ugjort.

OPPDRETT: Det er forståeleg og naturleg at næringa forsvarar seg, men dei tener lite på å bortforklare problema, skriv BT på leiarplass. Fred Ivar Utsi Klemetsen

Problema er ikkje over for oppdrettsnæringa, dessverre. Berre den siste månaden har det kome fleire nye rapportar som viser at næringa framleis slit med lakselus og sjukdom. Det viser at tiltaka til no, både næringas eigne og frå styresmaktene, ikkje har vore gode nok.

I januar la Fiskeridirektoratet fram tal på havbrukskonferansen Aqkva, som viste at 56 millionar laks døydde i oppdrettsmerdane i 2016. Det betyr at kvar femte laks døyr, eit tal som ifølgje Veterinærinstituttet ikkje har blitt lågare det siste året. Ein av hovudårsakene er hardhendte avlusingsmetodar.

I Hordaland slit næringa i tillegg med virussjukdommen Pancreas Disease (PD). Ifølgje tal frå Veterinærinstituttet, som BT omtala førre veke, døyr det difor fleire laks i vårt fylke enn landssnittet.

Onsdag omtala NRK nok ein rapport, denne frå Havforskingsinstituttet. Den konkluderte med at lakselus har tatt knekken på nær 80 prosent av villakssmolten frå dei viktigaste elvane på Vestlandet.

Næringa sjølv svarer med å trekkje den sistnemnde rapporten i tvil, fordi han er basert på modellkøyringar og ikkje fysiske målingar. Dei meiner òg at dødstala er lågare.

Det er forståeleg og naturleg at næringa forsvarar seg, men dei tener lite på å bortforklare problema. Difor er det fornuftig av leiaren for region Vest i Sjømat Norge, Hans-Inge Algrøy, å ta ei noko meir audmjuk haldning. Algrøy seier næringa vil gjere meir for å minske problema for villaksen.

Lakselusa er no det klart største problemet for oppdrettsnæringa. Næringa er heilt avhengig av å få bukt med luseplagen for å kunne vekse. Dei bruker store ressursar og kjem opp med stadig nye metodar for å redusere problemet. Men det er urovekkjande at innsatsen til no ikkje har gjeve betre resultat.

Regjeringa har gjort eit godt grep med å lyse ut såkalla utviklingslisensar, som motiverer næringa til å utvikle ny teknologi. Dei svake resultata i kampen mot lakselusa set spørsmålsteikn med om problemet let seg løyse utan at ein anten lukkar anlegga, eller flytta dei til havs.

Båe løysingar vil bli prøvd ut, men det vil ta tid før dei kjem i produksjon.

Algrøy er kritisk til dei som vil løyse luseproblemet ved å flytte næringa på land. Det har han grunn til, fordi næringa då kan flyttast ut av landet og nærmare dei store konsumentmarknadene. Difor må arbeidet med alternative løysingar intensiverast.

Oppdrettsnæringa er vår viktigaste næring etter oljen, og ei svært viktig næring for Bergen og Vestlandet. Alle er tent med at denne næringa får vekse vidare, men då må problema den slit med løysast.