Regjeringa utvidar ein fiasko

Forsøket med statleg eldreomsorg har vore mislukka. Eldreminister Åse Michaelsen (Frp) er likevel så nøgd at ho utvidar ordninga.

Publisert: Publisert:

MINISTER FOR FÅ: – I dag er Michaelsen eldrestatsråd for seks kommunar, og snart tolv. Det er ingen andre statsrådar som har så lite innflytelse over sitt eige saksfelt, meiner Bergens Tidende. Foto: Berit Roald, NTB Scanpix (Arkiv)

I 2013 fekk Frp gjennomslag for at Noreg skulle prøve ut statleg finansiering av eldreomsorga. Ansvaret ligg til vanleg hjå kommunane. I byte mot at staten bestemmer, skal staten betale for kommunens eldreomsorg.

Det er ei dårleg løysing. Staten bør ikkje fråta kommunene oppgåver.

Forsøket skulle eigentleg gjelde 20 kommunar. Berre 18 kommunar søkte om å få delta. Så fall ein etter ein frå. Til slutt var det berre seks kommunar som stod igjen. Narvik kommune fann ut at dei ville tape pengar dersom dei vart med.

Les også

Mageplask for eldreministeren

Ordninga tar utgangspunkt i snittforbruket til norske kommunar. Dei som bruker lite på omsorgstenester kan tene på ordninga. Dei som i dag har store kostnader, taper pengar. Ordninga er mest gunstig for små kommunar.

Når eldreomsorga er styrt lokalt, kan lokale styresmakter prioritere eldreomsorga etter behov. Når staten overtar forsvinn den lokale kontrollen og landsgjennomsnittet blir styrande.

Ansvaret for tenesta vert flytta lenger vekk frå folk. Lokalpolitikarar burde kjempe for at fleire oppgåver skal løysast der folk bur, heller enn på statlege kontor.

Regjeringa har ivra for ei kommunereform, der bodskapen er at kommunane må bli meir robuste for å kunne handtere fleire oppgåver. Dersom kommunane følgjer oppmodinga frå regjeringa om å overlate ansvaret for eldreomsorga til staten, vil kommunane sitje igjen med langt mindre ansvar enn før samanslåingane.

Les også

Frøy Gudbrandsen: «Regjeringen har fått en eldreminister. Det bør bli en flopp.»

Les også

Svar fra eldreministeren: Frøy Gudbrandsen tar feil

Michaelsens argument for å utvide ordninga, er at kommunane som deltar i forsøket er nøgd. Det er ikkje så rart, for det er snakk om berre seks kommunar som får store summar slengt etter seg.

Utvidinga betyr at det no er inntil tolv kommunar som skal få eldreomsorga si sett under statleg administrasjon. Inntil tolv, fordi det ikkje er gitt at så mange vil søkje.

Noreg har meir enn 400 kommunar. Dersom staten skulle gjort det same for alle kommunane, ville det blitt svært dyrt. Og det er ingenting som tyder på at omsorga ville blitt betre.

Det er første gong Noreg har ein eldreminister. Men statsrådsposten er unødvendig. I dag er Michaelsen eldrestatsråd for seks kommunar, og snart tolv. Det er ingen andre statsrådar som har så lite innflytelse over sitt eige saksfelt.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».