Tynne argument for hemmeleghald
Forsvararane av hemmelege medisinprisar klarer ikkje å føre prov for at systemet er fornuftig.
TAUST: Tordagesns høyring om hemmeleghaldet av medisinprisar viser at Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) manglar gode argument for å halde på ordninga, skriv BT på leiarplass. Foto: Carina Johansen / NTB scanpix
Pasientar på norske sjukehus har krav på å få vite kva som gjer at nokon får ein medisin, medan andre ikkje gjer det. At det ikkje lenger er slik, kom godt fram då Stortinget torsdag hadde høyring om hemmelege medisinprisar.
Sidan 2016 har prisane på medisininnkjøp for ti milliardar kroner til norske sjukehus vore unnateke offentlegheit. Korkje pasientar eller resten av folket får vite kor mykje desse medisinane kostar. Dei kan dermed heller ikkje overprøve prioriteringane som blir gjort på sjukehusa.
Mener høring avdekket ulovlig hemmelighold av medisinpriser
Trass i at problema med hemmelege prisar har vore allment kjent, etter at BT byrja å skrive om det i fjor haust, er forsvaret for systemet uvanleg tynt. Legemiddelindustrien meiner offentleggjering av statens innkjøpsprisar på einskilde medisinar strir mot forvaltningslova.
At dei ikkje prøvde saka rettsleg dei 20 åra prisane var opne, tyder på at dei ikkje har ei god sak. I høyringa fekk dei motstand frå samtlege aktørar, med unntak av Konkurransetilsynet.
Tilsynet meiner opne prisar kan svekkje konkurransen, fordi legemiddelselskapa då kan samordne seg. Under høyringa måtte tilsynet vedgå at dei her kviler på erfaringar frå andre bransjar, og saker i andre land der industrien aktivt har samordna prisane.
Tilsynet meiner som regjeringa at Noreg òg kan gå glipp av rabattar, viss prisane blir kjende. Heller ikkje det blir dokumentert.
Det faktum at fleire undersøkingar har vist at Noreg betalte mindre for medisinar enn andre land før 2016, den gong prisane var opne, styrkjer ikkje akkurat desse argumenta.
Det økonomiske forsvaret for hemmeleghaldet er difor svært tynt. Ser ein på det ein taper med hemmeleghaldet, blir systemet meiningslaust. Ein ofrar borgaranes innsyn i prioriteringar som gjeld liv og død, inkludert prioriteringar mellom ulike grupper i samfunnet.
Det er ei innskrenking av demokratiet Noreg ikkje er tent med.
Hemmeleghaldet gjer at borgarane heller ikkje kan kontrollere om den offentlege pengebruken på medisinar er fornuftig. Dette er eit system som ber oss stole på helsebyråkratane. Det er ikkje slik eit demokrati fungerer.
Les også
Flere artikler
Statens helsesjefer vil ha slutt på hemmelige medisinpriser
Debatt: Seks grunner til at Stortinget må kreve åpenhet om medisinpriser
Eit tilsyn som ikkje gjer jobben sin
Her skiftar dei nok eit slitt kne
«Den italienske regjeringas vaksinemotstand er farleg, og kjem til å ta liv.»
Regjeringa dumpar eigen miljøtruverde på botnen av norske fjordar.