Trump er ikkje trygg enno

Det er uansvarleg å konkludere i Trump-etterforskinga før ein har lest Mueller-rapporten.

MÅ OFFENTLEGGJERAST: Publikum får ikkje det fulle biletet før Mueller-rapporten er offentleggjort Brendan McDermid, NTB scanpix

Den tidlegare FBI-direktøren Robert Mueller har etterforska president Donald Trump og presidentvalkampen hans i nesten to år. 34 personar er tiltalt på ei lang rekkje punkt. Fleire av dei har vore blant Trumps næraste medarbeidarar.

I førre veke vart etterforskinga avslutta, og Mueller anbefalte ingen nye tiltaler. Det har fått mange – inkludert presidenten sjølv – til å slå fast at Donald Trump er frikjent for å ha samarbeidd med russiske styresmakter for å påverke det amerikanske presidentvalet i 2016.

Den konklusjonen kjem for tidleg.

Det einaste som er sikkert, er at ei rekkje av Trumps medarbeidarar har innrømma alvorleg kriminalitet.

Ingen har lest Mueller-rapporten. Det einaste som er blitt publisert, er eit fire siders brev frå justisminister William Barr. Der kjem det fram at det ikkje er funne bevis for at Trump samarbeidde med russarane.

Det betyr ikkje at presidenten er frifunnen for skuldingane. Barr skriv vidare at han ikkje er ferdig med gjennomgangen sin.

Det kan altså kome fleire brev frå justisministeren før ei eventuell offentleggjering av heile rapporten.

Den offentleggjeringa er heilt nødvendig. Barr har nemleg berre sitert små utdrag av rapporten. Sitatet om samarbeid med Russland er ikkje ein heil setning.

Det gjer at publikum ikkje får det fulle biletet før rapporten er offentleggjort.

Les også

81 brev om svik, korrupsjon og maktmisbruk

Trump har kritisert Mueller under heile etterforskinga, og han har omtala prosessen som ei heksejakt. No strøymer lovorda ut frå Twitter-kontoen hans.

Likevel nektar den republikanske leiinga å krevje rapporten frigjort.

Det kan vere fordi skuldinga om å «hindre rettsutøving» ikkje har ein klar konklusjon i Mueller-rapporten, ifølgje brevet til Barr. Det finst bevis for at Trump har hindra etterforskinga, men justisministeren vurderer det slik at det ikkje er «utan rimeleg tvil» – altså ikkje nok til ei domfelling.

Då republikanarane prøvde å avsetje Bill Clinton i 1999, var det å hindre rettsutøvinga eit sentralt moment.

Mueller-etterforskinga er ikkje den einaste utfordringa for Trump. I Kongressen vert presidenten etterforska av sju ulike komitear. Han er òg mistenkt for å blant anna bryte valkampfinansieringslova og fleire ulike skattelover.

Lista er lang.

Sjølv om Mueller-rapporten ikkje skulle få nokon konsekvensar for presidenten, har han mange andre rettslege hinder igjen.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».