Hamnene må priori­tere miljøet

Utsleppa frå cruisetrafikken må raskt ned, for fjordanes skuld.

Publisert:

MÅ KOPLE PÅ STRAUMEN: – Alternativet til meir miljøvenlege hamner, er at lokalsamfunnet ber byrda for at verdas cruiseturistar må innom akkurat deira fjord, meiner BT. Foto: Stian Reite (Arkiv)

23 norske hamner seier nei til strengare miljøkrav, ifølgje NRK Sogn og Fjordane. Krava skal sørgje for lågare utslepp som bidreg til skadeleg lokal luftforureining.

Berre 14 cruisehamner har stilt seg bak krava, blant dei Bergen, Eidfjord, Flåm og Nordfjordeid i Vestland.

Cruisetrafikken veks, og hamnene må stille strengare krav til utslepp. Det vil bidra til mindre skade på norske fjordar, og reiarlaga kan sende passasjerar med nyare og betre skip til Noreg.

Miljøkrav kan bidra til ein positiv konkurranse.

«Vi har ikkje slutta oss til dei 14 miljøkrava fordi det er usikkert om vi greier å innfri eit par av krava», seier Stryn-ordførar Per Kjøllesdal (Sp) til NRK.

Det er frykteleg defensivt.

Hamnene bør slutte seg til gode mål, og så arbeide for å nå dei. Det held ikkje at hamnene ventar med å binde seg til dei veit om måla vert oppfylte.

Då fungerer dei ikkje måla som noko hamnene kan strekke seg etter.

Les også

BTs leiar: Avinors klimafiendtlege forretningsmodell

Landstraum er eit svært effektivt tiltak for å redusere utslepp frå skip i hamn. Det er òg ei kostbar investering. I Bergen kosta det 150 millionar kroner. For små hamner og kommunar, kan det bli vanskeleg å få finansieringa til å gå opp.

Slik er det òg i Stryn, ifølgje ordføraren.

Då bør kommunen vurdere å hente inn meir pengar frå hamneavgiftene. Vestlandske fjordar er så attraktive at det bør vere rom for å auke prisen for å legge til kai. Når cruisetrafikken fører til store utslepp, er det rett å pålegge dei ein høgare kostnad.

Den statlege støtta via Enova kan òg bli betre.

Alternativet er at lokalsamfunnet ber byrda for at verdas cruiseturistar må innom akkurat deira fjord. Sidan det er naturen turistane betaler for å sjå, bidreg cruisenæringa til å skade sitt eige produkt.

Ei langsiktig reiselivsnæring er på lag med miljøet. Det må hamnene vere òg.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».