Der Språkrådet høyrer heime

Når regjeringa flyttar statlege oppgåver og arbeidsplassar ut av Oslo, må fagmiljø og framtidspotensial vege tyngst.

Publisert Publisert

BØR TIL BERGEN: Også i framtida skal Språkrådet styrkje statusen til det norske språket og ta vare på det språklege mangfaldet her i landet. Desse viktige oppgåvene kan løysast fint frå Bergen, meiner BT. Foto: HÅVARD BJELLAND

Denne veka sende dei fire aktørane Bergen kommune, Noregs Handelshøgskole, Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet felles brev til Kommunaldepartementet. Dei bed om at Språkrådet vert flytta til Bergen.

Brevet er eit siste forsøk på å leggje meir vekt på det beste argumentet: Skal rådet halda fast ved si faglege tyngd og integritet, finst det ikkje anna alternativ utanfor Oslo.

Les også

HØYSKOLER BRYTER LOVEN: Skriver for lite bokmål.

Kvartetten i Bergen er truleg prega av rådvilla etter regjeringa sine tidlegare avgjerder i utflyttingssaker. Fornybarfondet hamna i Stavanger, medan Kreativt Noreg vart lagd til Trondheim, stikk i strid med faglege råd og politiske signal.

Dette har skapt tvil om det er tunge faglege innspel som veg tyngst, eller fordekt distriktspolitikk som til slutt styrer avgjerdene.

Å flytta Språkrådet til Bergen vil vere i tråd med dei viktigaste føresetnadene i stortingsmeldinga om utflytting av statlege etatar og kontor. Bergen ligg midt i eit sterkt språkfagleg omland, og har fleire miljø som allereie i dag bidreg mykje til norsk språkforsking.

I Oslo er skepsisen til å flytte Språkrådet stor, ikkje minst frå rådet sjølv. For det første er det frykt for at mykje god fagleg tyngd vil gå tapt, fordi mange tilsette ikkje ønskjer å flytte til Bergen. Konkurransetilsynet er eit prov på at det finst eit godt liv for statlege organ etter Oslo-tilværet.

Eit anna argument er at Språkrådet er så politisk omstridd at flyttinga vil svekkje både politisk legitimitet og autoritet. Dette handlar om nynorsk-skepsisen i Høgre og andre parti, og om kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) sitt framlegg om å flytte språknormeringa for bokmål og nynorsk ut av Språkrådet.

Les også

BYRÅDET OG PARTNERE: Vil ha Språkrådet til Bergen.

Det går an å sjå annleis på det. Flytting til Bergen kan gje rådet naudsynt energi og fornying, og det kjem til eit språkfagleg miljø som meir enn gjerne klyngjer seg saman for å styrkje rådsarbeidet.

Dessutan er det lite truleg at kulturministeren får fleirtal for planane sine. Det finst ingen andre organ som kan vakte språknormeringa i Noreg som Språkrådet.

Også i framtida skal Språkrådet styrkje statusen til det norske språket og ta vare på det språklege mangfaldet her i landet. Desse viktige oppgåvene kan løysast fint frå Bergen.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».