Byggjesak ute av kontroll

Stortingets presidentskap bør vise ei langt meir audmjuk haldning for eigne feil etter kritikken frå Riksrevisjonen.

DYRT: Stortinget pussar opp nabobygget Prinsens gate 26, og byggjer nytt post- og varemottak under Wessels plass og ein tunnel. Rekninga er no kome opp i 1,8 milliardar kroner. Larsen, Håkon Mosvold / NTB Scanpix

Riksrevisjonen har levert ein flengjande kritikk av leiinga på Stortinget, for vanstyre av eit byggjeprosjekt. Presidentskapen svarer med å fråskrive seg store delar av skulda. Det har dei ingen grunn til.

Kjernen i prosjektet er ei oppussing av Prinsens gate 26 nær Stortinget, og nytt post- og varemottak. I tillegg kjem ein 260 meter lang tunnel til stortingsgarasjen.

Prosjektet vart starta opp i 2011, og har i fleire gongar blitt kritisert for overskridingar. I 2013 var det kostnadsrekna til 660 millionar kroner. No er prislappen 1,8 milliardar. I desember i fjor bad difor kontroll- og konstitusjonskomiteen Riksrevisjonen om å granske prosjektet.

Rapporten frå Riksrevisjonen kom 6. juni. Der kjem det til dels sterk kritikk på ni ulike punkt. Dei fleste handlar om manglande styring og kostnadskontroll, samt brot på anbodsreglane.

Stortingspresident Olemic Thommessen (H) legg mykje av skulda for kostnadsveksten på konsulentselskapet Multiconsult. Det burde han halde seg for god til. Ansvaret ligg hjå presidentskapen og stortingsadministrasjonen, som sjølv valde å vere byggherre på prosjektet.

Les også

Stortinget sensurar opplysninger om budsjettsprekk

Eit anna kritisk punkt for presidentskapen er at dei skal ha feilinformert Stortinget hausten 2013. Då Stortinget vedtok sitt eige budsjett for 2014 vart kostnadene til prosjektet rekna til 650 millionar. Ifølgje Riksrevisjonen sat presidentskapen då på opplysningar om at kostnadene var auka til rundt 850 millionar, utan å informere Stortinget.

Også dette punktet avviste presidentskapen i førre veke. Tysdag gjentok likevel Riksrevisjonen kritikken, då dei møtte kontrollkomiteen på nytt.

Senterpartiets Per Olaf Lundteigen krev at presidentskapen og stortingsdirektøren går av, og får delvis støtte frå Venstres Abid Raja. Kravet vil neppe få støtte frå partia som er representert i presidentskapen (Høgre, Frp, Ap og KrF).

Om dei ikkje går av bør presidentskapen i det minste ta ei langt meir audmjuk linje. Dei har ikkje evna å styre dette prosjektet, noko dei burde innsett langt tidlegare. Dermed har dei har påført skattebetalarane ei solid ekstrarekning. Spesielt grovt er det at Stortinget etter alt å dømme er ført bak lyset.

Denne saka må føre til at Stortinget endrar sine rutinar for byggjeprosjekt, slik at noko slikt ikkje skjer igjen.