Kontroll med cowboyane

Finanstilsynet må skjerpe tonen mot aktørar som formidlar lån i gråmarknaden.

GJELDSMARERITT: Forretningsmannen Øyvind Berger skulle bli rik på kjøp og salg av deler av dette kvartalet på Nøstet i Bergen. Etter å ha tatt opp rådyre lån i gråmarkedet, endte prosjektet i konkurs. Foto: Jan M. Lillebø

Publisert:

Norge er ikkje tent med vill vest-tilstandar i utlånsmarknaden. Derfor skal Finanstilsynet halde kontroll med bankar og andre føretak i finansbransjen. Tilsynet skal sørgje for at lover og reglar blir følgde, og på den måten bidra til ein velfungerande økonomi, med så få og små kriser som mogeleg.

Vanlegvis er Finanstilsynet ein ærekjær institusjon. I Nøstet-saka har tilsynet vist ei merkeleg passiv haldning. Landets finanstilsyn kan ikkje sitje og sjå på handlingar som kan vere lovstridige.

Bergens Tidende har i ein serie artiklar omtalt eit eigedomsprosjekt på Nøstet som enda i totalhavari. Ein spekulant bak prosjektet lånte store beløp i den såkalla gråmarknaden, til skyhøge renter. Dei reelle krava mot buet kan kome opp i 100 millionar kroner.

Det er ikkje forbode å inngå avtalar som i ettertid viser seg å vere naive eller dumme. Privat eigedomsrett og avtalefridom er sentrale ingrediensar i eit fritt samfunn. Tilgang på risikokapital er også viktig for at gründerar og andre skal kunne finansiere prosjekt med høg risiko. Denne marknaden kan ikkje vere noko anna enn uregulert.

Men formidling av lån er noko anna. Derfor er bankar og kredittføretak underlagt strenge lover og retningsliner. Og derfor kan ikkje finansielle rådgjevarar utan konsesjon drive formidling av lån.

Ein av mellommennene på Nøstet tok 720.000 kroner for å formidle eit lån på seks millionar frå to NHH-professorar. Slike cowboy-handlingar kan vere lovstridige. Handlingane bør i det minste undersøkjast av Finanstilsynet. Til no er det ingen ting som tyder på at så vil skje.

Det bør det. Norge er ikkje tent med at det veks fram ein gråmarknad prega av vill vest og grenselaus grådigheit. I ein elles gjennomregulert finansmarknad, kan ikkje låneformidling i gråmarknanden vere ei blindsone for lover og reglar som bankar og kredittføretak må følgje kvar dag.

Ei slik utvikling kan i verste fall truge den økonomiske stabiliteten i Norge. Terra-skandalen er eit døme på kor ille det kan gå når cowboyane har regien. Vi treng ikkje fleire slike skandalar som set tilliten til systemet på spel.

Gråmarknaden er naturlegvis berre ein liten del av norske utlån. Dette er likevel ikkje eit argument for å la marknaden sigle sin eigen sjø. Krav om eigenkapital ved lån i bankar kan også gjere at gråmarknaden i Norge blir større i tida som kjem.

Streng regulering av finansmarknaden er avgjerande for den økonomiske stabiliteten i Norge. Derfor bør Finanstilsynet sjå nytta av å skjerpe tonen mot aktørar som formidlar private lån. Ingen andre enn mellommennene er tent med ville tilstandar.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».