Uverdig mediekritikk

Journalistar som ber statsministeren om svar er ikkje «blodtørstige».

KRITISK: Statsminister Erna Solberg (H) omtala journalistane som «blodtørstige», men det media har gjort er å søkje innsyn og be om svar, meiner Bergens Tidende. Terje Pedersen, NTB Scanpix

Statsminister Erna Solberg (H) gjekk hardt ut mot media tysdag, etter avsløringane som førte til at Per Sandberg (Frp) gjekk av som fiskeriminister.

Ho omtala journalistane som «blodtørstige», men det media har gjort er å søkje innsyn og be om svar.

I fleire land vert det aktivt bygd oppunder ei mistru til media. Det er ei farleg utvikling, fordi det svekkjer tilliten som samfunnet er bygd på, og aukar polariseringa. Det må me unngå i Noreg.

Statsministeren bør forstå at journalistar ikkje stiller politikarar til veggs for sin eigen del. Journalistar spør på vegner av offentlegheita.

Kjernen i journalistikken er å skrive sanninga. Ofte er det slik at maktpersonar ikkje vil at sanninga skal kome fram.

I denne saka har pressa stilt heilt nødvendige spørsmål, og vore med på å avsløre alvorlege brot på tryggleiken.

Les også

Frøy Gudbrandsen: Sandbergs siste show

Per Sandberg ville framleis vore fiskeriminister, viss ikkje media avslørte handlingane hans. Sandberg tok med jobbtelefonen til Iran, i strid med råd frå Politiets Sikkerhetstjeneste (PST), og lét vere å varsle om turen, i strid med regjeringas eige regelverk.

Han har med det eksponert telefonen sin for iransk etterretning.

Viss mediekritikk skal vere nyttig, er det viktig – spesielt for ein statsminister – å vere konkret. Kva sak kritiserer ho? Kva moment er det som er problematisk å svare på?

Dersom ein ikkje kan svare på grunn av rikets tryggleik, bør ein seie det. Noko av det media har spurt etter, er ein oversikt over kva statsrådar som har takka nei til PSTs råd i forbindelse med reiser.

Innhaldet i PSTs råd er naturleg å halde hemmeleg, men ikkje sjølve oversikta over kven som har takka nei.

«Rikets tryggleik» bør ikkje brukast som eit argument for å halde tilbake relevant informasjon der det verste som skjer er at det er pinleg for regjeringa.

Les også

Sandberg fortjener ikke dette

Solberg bør ikkje male med brei pensel, og berre slå fast at pressa har vore «blodtørstig». Det er godt mogeleg at delar av mediedekninga har vore problematisk, men Solberg si generalisering bidrar ikkje til å nyansere dette.

Pressas viktigaste jobb er å halde makta ansvarleg. Ein statsminister må tole å bli stilt til ansvar, og tole at pressa stiller spørsmål. Det gjeld òg når svara er ubehagelege.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».