Lita næring i hardt vêr

Nye avsløringar frå norsk pelsdyrnæring, om lidande dyr, gjer landbruksministeren trist. No bør syndarane takast.

Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over 11 år gammel
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.

DET GJER LIKE sterkt inntrykk kvar gong. Sundag måtte Dagsrevyens mann åtvara mot sterke scenar før han sette i gang innslaget som viste skuggesida av norsk pelsdyrnæring. Det handla om dyr med avbitne bein, halar og øyre — og dyr med store bitskadar.

Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk syntest det var eit trist syn. Han beklaga sterkt at dette framleis er ein del av den norske pelsdyrnæringa, men understreka at det er eit lite mindretal som ikkje tek skikkeleg hand om dyra sine. Forslaget om kollektiv straff av alle pelsdyroppdrettarar hadde han - forståeleg nok - liten sans for. Det held vi med han i.

Dyrebeskyttelsen Norge og Nettverk for dyrs frihet har i sommar og haust vore på besøk i 40 norske pelsdyrfarmar, drygt ti prosent av norske pelsdyroppdrettarar. Som vi såg på Dagsrevyen har dei påvist dyrplageri, men omfanget er meir usikkert.

Det er neppe aktuelt med forbod i Noreg

DET ER MATTILSYNET som fører kontroll med pelsdyroppdrettarane. Tilsynet hevda etter kontrollane i 2009 at «dei fleste pelsdyra som vart inspiserte under kampanjen, vart stelte og oppstalla i tråd med gjeldande regelverk for dyrevelferd».

Likevel veit både vi og Mattilsynet at ikkje alt er som det skal vera. Ein kritikk mot Mattilsynet er at dei varslar oppdrettarane før dei kjem på inspeksjon. Det gir oppdrettar høve til å fjerna lidande dyr før kontrollen. På den andre sida - også veterinærane ser innom norske pelsdyrfarmar, og vi legg til grunn at dei slår alarm dersom dei oppdagar dyr som lir.

I fjor sa landbruksminister Lars Peder Brekk at han ville setja i verk nye tiltak - og innskjerpa gamle - for å få bukt med dyremishandlinga i pelsdyrnæringa. Sundag stadfesta han at dette har skjedd. Likevel vart han ståande ein smule avkledd då han - på nytt - skulle halda si hand over ei næring som ikkje er i stand til å halda orden i eige hus.

PELSDYROPPDRETT er ei lita norsk utkantnæring, der bønder med smalt næringsgrunnlag har skaffa seg eit ekstra bein å stå på. Staten yter litt subsidiar. Men ho er sterkt omstridd. I andre land, så som Austerrike og Storbritannia, er pelsdyroppdrett forbode.

Det er neppe aktuelt med forbod i Noreg. Men den offentlege kontrollen bør ytterlegare innskjerpast, blant anna ved at inspeksjonar ikkje blir varsla på førehand. I tillegg bør ei så utsett næring begripa at dei sjølve må rydda opp i svineriet. Blir det fleire Dagsrevyinnslag med lidande dyr, står heile næringa i fare for å hamna i miskreditt.

Mener du pelsdyroppdrett bør forbys i Norge?

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. Hardanger-oppdrettarane må kutte

BT anbefaler

Usikkert når de evakuerte kan flytte hjem

Brannvesenet rykket massivt ut til en storbrann i Godvik fredag kveld. Ingen personer skal være skadet.

LES SAKEN