Dugnad for banken

Norske bankar må visa måtehald i rentekrava

Publisert:

**Lav styringsrente** og lave innlånskostnader kjem i beskjeden grad norske lånekundar til gode. Det er bankane som skor seg på dei billege pengane. Fortenesta kjem vel med for å dekka auka kapitalkrav frå styresmaktene, men bankane må passa seg for ikkje å loppa kundane for alle pengebidrag til eit meir robust finansvesen.

Sentralbanksjef Øystein Olsen påpeikar at det finst andre måtar å tilpassa seg til nye kapitalkrav, som å henta inn ny eigenkapital. — Somme har gjort det, men dei fleste oppfyller krava gjennom innteningssida. Det meste av rekninga blir skyvd over på kunden, seier han til NRK.

Noregs Bank meiner at bankane jamvel vil halda fram med å auka påslaget frå rentemarginen det komande året, slik at dei vil tena endå meir for kvar krone den låner ut til eigne kundar. Dette åtvarar finansminister Siv Jensen (Frp) mot, utan at ho vil gjere seg noko.

Bankane set truleg si lit til at kundane forblir trufaste, og at det blir liten skilnad bankane imellom i lånevilkåra. Norske bankkundar er då også gjerne både konservative og lojale. Men invitasjonen til å driva dugnad for banken kan slå tilbake. Bankar har fått vesentleg dårlegare omdøme enn dei hadde i tidlegare tider.

Finanskrisa gjorde banksjefar til verdas dyraste sosialklientar. Den underregulerte, langt på veg frie marknaden hadde skapt monstre det ikkje lenger rådde med. Statane måtte berga finansinstitusjonar som var for store til å gå under. Skattebetalarane måtte blø for banksjefars grådigskap og udugelegeskap.

For å hindra eller minska risikoen for nye finanskriser skjerpar no styresmakter i ei rekkje land kapitalkrava til bankane. Noreg slapp billeg unna den siste krisa, ikkje berre på grunn av landets rikdom. Norske styresmakter kunne også trekkja vekslar på røynslene i kjølvatnet av jappetida. I byrjinga av nittitalet vart fleire bankar tvangsinnløyste av staten.

Men dei norske finansinstusjonane hadde ikkje jappa seg nok ned. Merkverdige spareprodukt og spekulativ profittjakt var vanlege metodar før dei vart avkledde i finanskrisa. Mange norske bankar var dessutan utsette for internasjonale tap. Regjeringa måtte dra gullkortet for å understøtta næringa.

Skattebetalarane skal sleppa avverja fleire finanskriser, om dei nye internasjonale og nasjonale reguleringane blir så effektive som styresmaktene ønskjer. Noreg ligg i forkant av dei venta EU-krava. Norskeigde bankar meiner det påfører dei ulemper samanlikna med danske og svenske bankar på den norske marknaden.

Somme lokale banka r, særleg sparebankane, meiner at dei i tillegg blir ekstra ramma som følgje av at ein stor del av utlåna går til bustader, som blir rekna som ei nokså trygg pengeplassering. Det er lån til næringsverksemder som er vanskelegast å oppnå no når kapitalkrava blir skjerpa, samtidig som konjunkturutsiktene blir blassare.

I møte med styresmaktene veit finansnæringa å spela på dei usikre sidene ved dei nye reguleringane. Og Siv Jensen veit ho bør trø varsamt for ikkje å skipla den økonomiske utviklinga. Å overlata det meste av dugnadsinnsatsen til kundane, er ei billeg og enkel løysing for både regjeringa og finansnæringa. Det er kanskje eit slags privat sosialhjelp, i pakt med statlege redningsaksjonar for banksjefane.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».