Over til - Hareide?

Dagfinn Høybråten er truleg glad for at han alt i 2008 bestemte seg for å gå av som partileiar. Etter Ingebrigt Sørfonns utspel laurdag hadde han knapt noko val.

DAGFINN HØYBRÅTEN trekte seg laurdag — direkte på Dagsrevyen - frå vervet som partileiar i Kristeleg Folkeparti. Avgjerda inneber at Høybråten etter 2013 vil vera ute av norsk politikk. Det vil gjera norsk politikk fattigare. Men Høybråten har vore større suksess som statsråd enn som partileiar.

Han rykte i 2004 inn som avløysar for Valgerd Svarstad Haugland, som året før hadde fått den utrivelege Medhaug-saka i fanget. Det førte til eit særs dårleg val for KrF i 2003. Høybråten skulle reisa kjerringa. Det makta han ikkje.

MEN OPPGÅVA var vanskeleg, for i perioden under parhestane Valgerd Svarstad Haugland og Kjell Magne Bondevik hadde det kristelege sentrumspartiet opplevd sine store stunder. I samarbeid med dei andre sentrumskameratane - Senterpartiet og Venstre - skipa Bondevik i 1997 ei sentrumsregjering som hadde så stor suksess at Arbeidarpartiet - saman med Høgre - kom til at ho laut fellast. Frå 1997-2000 kunne KrF-statsministeren styra landet på basis av eit rekordval på nærare 14 prosent. I 2005 var partiet nede på 6,8 prosent, og i fjor haust måtte partileiar Høybråten notera 5,5 prosent oppslutnad. Mismotet rådde.

HØYBRÅTEN har frikyrkjeleg bakgrunn, men han er ikkje så mykje til mørkemann som enkelte vil ha det til. Det berre verkar slik. Difor har han ikkje hatt same breie appell som Valgerd Svarstad Haugland, som gjorde det salongfähig for KrF-arar å drikka raudvin.

Det kan sjå ut som om ein hardt pressa Høybråten hadde lagt seg til ein autoritær leiarstil. Ingebrigt Sørfonn valde å stå fram i Aftenposten laurdag - og han stadfesta inntrykket av at det lenge har vore utriveleg på toppen av KrF. Dermed var det berre for Høybråten å offentleggjera den avgjerda han tok saman med kona i 2008.

HAN MAKTA IKKJE å atterreisa KrF. Men som helseminister fronta han røykjelova - i utgangspunktet eit risikoprosjekt - og gjorde alle offentlege bygningar i Noreg røykfrie. Det er eit storverk som mange no - i ettertid - gjerne skulle hatt på skrytelista si.

Det finst fleire gode leiarkandidatar, men ingen gjer Knut Arild Hareide rangen stridig som Høybråtens etterfølgjar. Han kjem frå KrFs kjerneområde, og han har noko av det same gladkristne og frilyndte sinnelaget som Valgerd Svarstad Haugland var så rikt velsigna med. Han kan like gjerne samarbeida til høgre som til venstre. Difor skal partiet ha god råd dersom dei vel å forbigå Hareide på vårens landsmøte.

Usamd med leiaren? Sei di meining under!

BESTE KANDIDAT: - Kristeleg Folkeparti skal ha god råd dersom dei vel å forbigå Knut Arild Hareide (til v.) på vårens landsmøte, skriv BTs leiarskribent. Her saman med Dagfinn Høybråten som trekte seg laurdag - direkte på Dagsrevyen - frå vervet som partileiar. FOTO: Håvard Bjelland Bjelland, HÃ¥var

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».