Overstyringsiveren lever

I eit forsøk på å rydde debatten om vestlandsregionen av vegen, bidreg Jonas Gahr Støre til å auke forvirringa.

Publisert: Publisert:

REGIONREFORMA: Det er oppsiktsvekkjande at eit parti som slit på meiningsmålingane, og samstundes har ein vestlandsoffensiv gåande, ikkje har eit krystallklårt standpunkt i ei så viktig politisk sak, meiner BT. Foto: Paul S. Amundsen

Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane seier framleis nei til samanslåinga med Hordaland til éin vestlandsregion. Det gjer tydelegvis lite inntrykk på partileiar Jonas Gahr Støre, som i intervju med BT seier at vedtaket om å slå saman fylka må stå.

Dermed gjer partileiaren tre ting samstundes, berre to veker før valet: Han forkludrar valkampen for sine partifellar i Sogn og Fjordane. Han skaper tvil om kva partiet eigentleg meiner om regionreforma. Og han forsterkar inntrykket av Arbeidarpartiet som eit sentralstyrande parti.

Om veljarane vert endå meir usikre, har Ap seg sjølv å takka.

Les også

LIV SIGNE NAVARSETE: Hardt ut mot Støre-utspill.

Usemje om fordeling av oppgåver, klager om sentralisering og konflikten mellom sentrum og periferi har ridd samanslåinga som ei mare. Både partileiar Støre og andrekandidat Hilmar Høl i Sogn og Fjordane kallar regionreforma eit «makkverk».

Likevel stemte Ap i Sogn og Fjordane for avtalen i fylkestinget, og Støre sjølv er klar på at samanslåinga på Vestlandet står ved lag.

Partilaget i fjordfylket meiner likevel at dei to fylka skal fortsetje som før, men med «døra på gløtt», dersom regionen får tilført fleire oppgåver, som fylkesleiar Ingrid Heggø formulerer det.

I sum er altså bodskapen frå Arbeidarpartiet fascinerande uklår.

Det er oppsiktsvekkjande at eit parti som slit på meiningsmålingane, og samstundes har ein vestlandsoffensiv gåande, ikkje har eit krystallklårt standpunkt i ei så viktig politisk sak.

Når Ap sjølv har vore med på å vedta reforma i fylkestinget, burde dei stått lojalt bak vedtaket og unngå ekstraomgangar som berre skapar uro.

Jonas Gahr Støre har prinsipielt rett. Samanslåinga er ein realitet, og ho er viktig for å utvikle vestlandsregionen vidare. Både for å utnytte ressursane betre, og for å skape ei viktig motmakt til dei kravstore regionane på Austlandet.

Les også

PODKASTEN 36,9: – Det mest spennende valget på flere tiår.

Arbeidarpartiet må også ta ansvar for framtida på Vestlandet, mellom anna ved å overføre fleire oppgåver frå staten til regionane. Men først og fremst ved å rydde forvirringa av vegen.

Ein stor del av ansvaret må fylkeslaget og førstekandidat Heggø ta på seg. Veljarane i Sogn og Fjordane må få vite om ho skal bruke dei neste fire åra på Stortinget til å stanse reforma, eller styrkje henne.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».