Beskytt muslimane

Noreg må styrkje kampen mot ekstremisme og muslimhat.

VISTE STØTTE: Statsminister Erna Solberg (H) og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) vitja Al-Noor-moskeen søndag. I bakgrunnen står 65 år gamle Mohammed Rafiq (til v.), som stoppa gjerningsmannen laurdag. Terje Pedersen, NTB scanpix

Skytinga i Al-Noor-moskéen i Bærum laurdag ettermiddag må føre til ein ny debatt om muslimhat i Noreg.

Politiet etterforskar åtaket som forsøk på terror. Gjerningsmannen skal ha hatt innvandrarfiendtlege og høgreekstreme haldningar.

BT har sett meldingar som visstnok skal vere frå gjerningsmannen, der han viser til terroråtaka i New Zealand og Texas.

Begge åtaka var rasistisk motiverte, og var tydeleg inspirerte av terroråtaket 22. juli i Noreg.

Dersom det vert slått fast ei slik kopling, har Anders Behring Breiviks terror kome tilbake til Noreg. Åtte år etter 22. juli er det smertefullt å tenkje på.

Hat og fordommar må kjempast mot på alle kantar. Det er berre gjerningsmannen som er ansvarleg for terror, men hat og hets kan legitimere slik kriminalitet.

Statsminister Erna Solberg (H) vitja trussamfunnet søndag, då dei feira den muslimske høgtida eid al-ahda. Solberg viste til si eiga Facebook-side, der fleire spreier hatkommentarar om muslimar.

Både Solberg og justisminister Jøran Kallmyr (Frp) har deltatt i markeringar søndag, og reagert sterkt på det antekne terroråtaket. Det er likevel tydeleg at regjeringa må gjere meir for å få muslimar til å føle seg som dei likeverdige borgarane dei er, og for å overvinne muslimhets.

Les også

Her er mannen som overmannet moské-skytteren

Regjeringa bør difor revurdere statsstøtta til Human Rights Service, som har bidrege til å spreie antimuslimske haldningar.

Det er berre gjerningsmannen som er skuld i åtaket, men kvar og ein må ta ansvar for kva haldningar ein spreier om andre menneske.

Norske muslimar er ein utsett minoritet, som storsamfunnet skal beskytte mot hat.

I kampen mot ekstremisme, er det viktig at den saklege religionskritikken framleis har ein plass. Men mangel på respekt for folks tru og hat basert på religion er eit alvorleg problem i det norske samfunnet.

Det er difor viktig at Noreg står saman.

Solidaritetsmarkeringar som viser at ulike religiøse og ikkje-religiøse grupper står saman med norske muslimar er difor nødvendige.

Bøn er ei fredfull handling, og det er skremmande at nokon kan finne på å skyte seg inn i eit slikt heilagt rom.

Norske muslimar skal vere trygge i Noreg, både i og utanfor bøn. Hatet skal ikkje vinne.

Eid Mubarak.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».