Ja til kunst vi ikkje forstår

Frp tek på seg rolla som kunstpoliti. Det er ikkje eit liberalt parti verdig.

Publisert Publisert

MINISTER FOR DET UFORSTÅELEGE: Kulturminister Abid Raja leverte denne veka eit kraftfullt forsvar for kunst vi ikkje umiddelbart kan forstå. Her er han på Den blå steinen, ein populær steinskulptur av Asbjørn Andersen. Foto: Ørjan Deisz (arkiv)

  1. Leserne mener

Denne veka stilte Frps stortingsrepresentant Silje Hjemdal eit viktig spørsmål til kulturminister Abid Raja frå Venstre.

Gjennom Facebook-sida «Sløseriombudsmannen» hadde ho blitt kjent med ulike kunstprosjekt som har fått støtte frå Kulturrådet.

«Det at prosjekter som konsentrerer seg rundt nakenhet, penetrering og diverse kroppsvæsker, får flere millioner i støtte fra Kulturrådet har skapt reaksjoner blant folk», skriv Hjemdal.

Det er snakk om tildelingar til kunstnarar som Vegard Vinje, Ida Müller og Wencke Mühleisen. Internasjonalt anerkjende namn som med sine verk har fascinert og engasjert langt utover Noregs grenser.

Spørsmålet frå Hjemdal er interessant, men det er òg problematisk. Den dagen Kulturrådet blir knebla og berre får gje pengar til kunst folk liker, har Noreg eit stort problem.

Les også

Silje Hjemdal vil vite hva kulturministeren mener om kunst som «innebærer avføring og kroppsvæsker»

Heldigvis har Frp-aren fått eit klokkereint svar frå Raja: «Vi trenger hverken like eller forstå kunsten for å likevel akseptere at kunsten skal være fri», seier Venstre-politikaren i sitt svar.

«Kulturpolitikken skal bygge på ytringsfrihet og toleranse. Ytringsfriheten er en urokkelig grunnpilar i Norge», peikar Raja på.

Dette er eit svar Framstegspartiets kulturpolitiske talsperson bør lese svært nøye. Kva ein oppfattar som støytande og problematisk kunst vil variere frå person til person.

Les også

– Det er ikke politikeres oppgave å dømme og bedømme kunsten, sier Abid Raja (V)

Kunsten skal nettopp tøye grenser. Nokre få av Kulturrådets mange tusen tildelingar er kontroversielle. Om det skulle skjedd ei endring her, burde det i så fall vore at fleire av tildelingane skapte debatt. Det har Noreg berre godt av.

Prinsippet om at politikarane ikkje skal legge føringar for kva kunstuttrykk som får støtte, handlar om ytringsfridom.

Det er ikkje meir enn eit år sidan statsminister Erna Solberg (H) la ei blytung bør på skuldrene til skaparane av teaterstykket «Ways of seeing». Ho gav dei delar av skulda for trakasseringa mot dåverande justisminister Tor Mikkel Wara (Frp).

Statsministeren hadde ikkje ein gong sett stykket ho uttalte seg om, og no meiner politiet at det var Waras sambuar Laila Anita Bertheussen som stod bak trakasseringa av både Wara og andre politikarar.

Meldinga må vere klar og tydeleg: No må våre fremste politikarar slutte å leike kunstpoliti.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».