Olja skal bli liggjande i Lofoten

Kampen om Lofoten er vunnen. No må klimarørsla vinne neste slag òg.

OLJEFRITT: – No kan miljøpartia leggje Lofoten bak seg, og kjempe for nye gjennomslag for å redusere klimautsleppa, meiner BT. Jan Tomas Espedal, Aftenposten (Arkiv)

Arbeidarpartiet vedtok å ikkje opne for olje- og gassutvinning i Lofoten, Vesterålen og Senja (LoVeSe) på helgas landsmøte. Det er ein stor siger for klimarørsla, og no bør saka leggjast daud.

Debatten om oljeutvinning i desse særskilt sårbare områda har fått dominere norsk oljedebatt altfor lenge.

LoVeSe er eit uvurderleg gyteområde for torsk. Ei konsekvensutgreiing av oljeutvinning er ikkje berre ei teoretisk øving. Det inneber seismikkskyting – som betyr tusenvis av sjokkbølgjer i sjøen, for å lage eit kart over havbotnen.

Skytinga skadar fisken.

Framsynte miljøparti er blitt tvungne til å bruke av sin avgrensa politiske kapital til å hindre oljeboring der.

Sånn sett har LO og Ap-leiinga vunne debatten, ved å utsetje denne konklusjonen såpass lenge.

Les også

Jens Kihl: Det raude skiftet

No kan miljøpartia leggje Lofoten bak seg, og kjempe for nye gjennomslag for å redusere klimautsleppa. Klimautsleppa må kraftig ned for at verda skal ha ein sjanse til å nå klimamåla.

Politikarar som trur på det vitskapen har funne – nemleg at menneskeskapte klimaendringar skjer og kan føre til ei katastrofalt annleis verd – må innrette seg etter det i praktisk politikk.

Difor er det skuffande at Aps nye nestleiar Bjørnar Skjæran stiller eit oljeultimatum i NRK:

Der stadfestar han at Ap ikkje vil gi miljøpartia noko meir i oljepolitikken. – Dei som kjenner Arbeiderpartiet, veit at dei store og viktige linjene ligg fast når me regjerer.

Les også

Dissens, misnøye og jubel følger Aps oljeskifte

Høgres reaksjon på vedtaket har vore parodisk. På deira eiga Facebook-side skriv partiet at Ap har «stemt mot arbeidsplasser i distriktene og sagt nei til mer kunnskap. Forstå det den som kan».

– Tragikomisk og vinglete, seier Høgres næringspolitiske talsperson Linda Hofstad Helleland.

Høgre treng kanskje ei påminning om at Ap no står for det same som regjeringa – der Høgre ikkje berre er med, men har statsministeren.

Den ansvarlege statsråden ville ikkje vere dårlegare. Kjell-Børge Freiberg (Frp) seier at vedtaket er eit svik mot 170.000 tilsette i oljenæringa.

– Dette er starten på ei avvikling av petroleumsnæringa, seier han til VG.

Ein må jo berre rekne med at Freiberg meiner at regjeringa sviktar og avviklar næringa. Høgre og Frp har hatt regjeringsmakt i 2001 dagar utan å greie ut konsekvensane av olje- og gassutvinning i LoVeSe.

I 2013 skreiv BT følgjande på leiarplass: «Norge har råd til å verne Lofoten, Vesterålen og Senja.» Det gjeld framleis.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».