Utdann fleire legar i Noreg

Noreg kan ikkje lenger lene seg på at Aust-Europa utdannar legane våre. Eit krafttak må til.

PÅ TIDE: No er det på tide å ta medisinutdanninga heim til Noreg, skriv BT på leiarplass. Gidske Stark (arkiv)

Noreg utdannar i underkant av 60 prosent av dei legane vi treng. Det finst knapt land i Europa som er like dårleg sjølvforsynte med legar.

No tilrår eit regjeringsnedsett utval, leia av NTNU-professor Hilde Grimstad, ei kraftig opptrapping av talet på medisinstudentar i Noreg. Her bør regjeringa heilt klart lytte til sitt eige utval.

I dag er det 636 studieplassar i medisin i landet. Dei ligg i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø. Grimstadutvalet tilrår å trappe opp med 440 plassar, skriv dei i ein kronikk i Aftenposten.

Verdas helseorganisasjon (WHO) tilrår at alle land bør bygge opp ein berekraftig helsepersonellstyrke sjølv. Grunnen er mellom anna at ikkje rike land endar opp med å skaffe arbeidskraft som er utdanna i utviklingsland med mangel på medisinsk personell.

Desse tilrådingane er nedfelt i ein «global kode» som Noreg har signert. No er det på tide å følgje denne koden også praksis.

Les også

Her signerer de avtalen som løser fastlegekrisen på Askøy

Det er mange fordelar med å utdanne framtidas legar i Noreg. Dei utviklar eit norsk fagspråk, har praksis ved norske sjukehus og blir kjende med det norske helsevesenet under utdanninga.

Internasjonal utveksling er positivt, men kan ikkje stå for nesten halvparten av studieplassane innanfor eit kritisk viktig felt som medisin. Sjølvforsyningsgraden av legar må rett og slett opp.

Ei opptrapping av medisinutdanningane bør bygge på dagens fire lærestader, slik Grimstad-utvalet tilrår. Det er både dyrt og krevjande å bygge opp eit medisinstudium med alt ein treng av fagfolk og utstyr.

Derimot bør denne opptrappinga skje i samarbeid med medisinske miljø over heile landet. I tjue år har medisinstudentar frå Universitetet i Bergen hatt delar av utdanninga si andre plassar på Vestlandet, som i Stavanger.

Denne løysinga sikrar at vi ikkje lagar fleire fagmiljø enn vi kan forsvare akademisk og økonomisk, samstundes som ei opptrapping av medisinutdanninga her heime kjem heile landet til gode.

I takt med dette må regjeringa òg sjå på måtar å skalere ned utanlandsstudia på, slik at vi ikkje endar med å utdanna for mange legar.

Viktigast er likevel dette: No er det på tide å ta medisinutdanninga heim til Noreg.