No er legemangelen prekær

Fastlegemangelen svekker folks rett til god helsehjelp.

Publisert:

TOMT: – Det er urovekkande at ein storby som Bergen slit med å rekruttere nok fastlegar. Helsebyråd Beate Husa (KrF) må sørgje for at denne mangelen forsvinn, meiner Bergens Tidende. Foto: Bård Bøe (Arkiv)

No er det ikkje éin einaste ledig plass å oppdrive på byens fastlegekontor. Fastlegemangelen er blitt prekær.

Det er urovekkande at ein storby som Bergen slit med å rekruttere nok fastlegar. Helsebyråd Beate Husa (KrF) må sørgje for at denne mangelen forsvinn.

Folk har rett til ein fastlege og rett til å byte ut sin eksisterande fastlege. Ingen av dei rettane vert oppfylt når det ikkje er ledige plassar.

Står ein utan fastlege no, må ein oppsøkje legevakta. Det skaper lenger kø der det allereie er for stort press.

På kort sikt kan det vere fornuftig å få nokre fastlegar til å ta imot fleire pasientar. Men det er ikkje haldbart over tid.

Les også

For første gang er det ingen fastleger i Bergen som har ledige plasser

BT har snakka med fastlege Lina Kristin Welle-Nilsen, som har 950 pasientar på lista si. Ho meiner det er nok, og seier at dagane hennar er fulle.

Ifølgje fastlegeforskrifta, kunne Welle-Nilsen hatt 150 fleire pasientar.

Det er utviklinga der fastlegane har færre pasientar som er hovudårsaka til legemangelen. Før var det vanlegare at fastlegane hadde meir enn 2000 pasientar.

Fastlegane har fått fleire oppgåver dei siste åra. Difor er det bra at pasientlistene vert mindre.

Inntekta deira er bestemt ut frå kor stor pasientlista er, og talet på konsultasjonar. Denne utviklinga betyr altså at fastlegane tener mindre.

Men i snitt har fastlegane i Noreg eit driftsresultat på 1,2 millionar kroner. Det er høgt.

Kortare lister er nok eit gode for både pasientar og for legane.

Les også

Ingebjørn Bleidvin: Fastlegeordninga for fall

Det viktigaste med ein fastlege, er at den har tid til pasientane sine. Folk må få den oppfølginga som er rett for dei. Tidlegare i år viste NRK korleis dei fastlegane med størst pasientlister sjukmelde mest.

I dag er fastlegane sjølvstendig næringsdrivande, med kommunale avtalar. Bergen kommune jobbar no med å opprette eit fastlegekontor, slik at legar som ønskjer det, kan bli tilsett i kommunen.

Det kan gi betre regulering av arbeidstid, og eit ryddigare arbeidsforhold for fastlegane. Det vil gjere fastlege til eit meir attraktivt yrkesval. Det tener òg pasientane på.

Snart kjem helseminister Bent Høie (H) med ei evaluering av fastlegeordninga.

Statsråden bør då kome med gode svar på korleis ordninga skal fungere i framtida, slik at ein i både små og store kommunar kan få oppfylt dei rettane som fastlegeordninga legg opp til.

BT rettar: I den opprinnelege versjonen av leiaren, står det at fastlegane i snitt har 1,2 millionar kroner i snittinntekt. Det er feil. Det korrekte er at det er snittet på driftsresultatet deira. Det gjer at inntekta deira er lågare enn det som kom fram i leiaren. Det stod òg at Welle-Nilsen kunne ha 1500 fleire pasientar. Sidan ho er fastlege 3,5 dagar i veka, er det rette talet etter forskrifta 150. BT beklagar feilen.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».