Vestland må ta krafta tilbake

Nær halvparten av vasskrafta blir ført ut av Vestland. Ho bør i staden brukast til å bygge ny, grøn industri i heile fylket.

  • Bergens Tidende
    Bergens Tidende

Nær halvparten av krafta produsert i Vestland fylke blir i dag eksportert, i hovudsak til Austlandet. Det bør vestlendingane i fylket ikkje vere nøgde med, skriv BT på leiarplass. Foto: UNNI ELLEFSEN

Publisert Publisert
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.

Mange nye bedrifter har lagt planar om etablering i bergensområdet på is. Årsaka er at det ikkje er nok straum. Det er for dumt, i eit fylke som har meir enn nok elektrisk kraft.

Heldigvis har Statnett og BKK planar om å utbetre kraftnettet for å bøte på problemet. I første omgang vil dei oppgradere det eksisterande nettet, slik at det kan frakte meir straum. I neste omgang må det byggast ei ny kraftlinje, som skal føre straum til kysten frå dei energirike indre delane av fylket.

Her kan det sjølvsagt bli konflikt. Linja vil gå gjennom folketette område. Utbygginga må difor gjerast så lite inngripande som mogeleg, til dømes ved å bruke eksisterande trasear.

På Kollsnes er det store industriplanar rundt det planlagde karbonlagringsanlegget. Det vil krevje mykje straum. Foto: Bård Bøe

Les også

Statnett skal få fram meir kraft til bergensområdet. Ny høgspentlinje kan gi nye konfliktar.

Oppgraderinga er naudsynt. Men det er grunn til å diskutere omfanget, og om alle dei planlagde prosjekta er like fornuftige.

Svært mykje av straumen skal gå vidare ut i havet, til å elektrifisere fleire oljeplattformer. Klimaeffekten er her tvilsam. Gassen ein ikkje lenger vil bruke til kraftverk på plattformene, vil i staden bli eksportert til andre land og brent der.

Det verkar òg rimeleg meiningslaust å bruke milliardar på straumnettet for å bygge energikrevjande bedrifter som datasenter ved kysten, når det er overskot på straum i indre delar av fylket.

Kommunane i indre strok slit med avfolking og tilbakegang. I krafta har dei ein konkurransefordel som bør utnyttast.

Industriplanar er det òg på Mongstad. Mellom anna vil BKK, Equinor og Wilhelmsen bygge ein hydrogenfabrikk basert på fornybar elektrisk kraft. Foto: Bjørn Erik Larsen

Les også

For lite kraft til bergensområdet: Fylkesordføraren fryktar Vestland kan gå glipp av tusenvis av arbeidsplassar

Elektrisk straum frå fornybare kjelder har blitt ein stor konkurransefordel i det grøne skiftet verda er inne i. Ingen fylke i landet har større potensial enn Vestland. Ein firedel av straumen i Noreg blir produsert i dette fylket.

Nær halvparten av dette blir i dag eksportert ut av fylket, i hovudsak til Austlandet. Det bør vestlendingane ikkje vere nøgde med.

Landsdelen står framfor ein nedgang i den viktigaste næringa, oljeindustrien. Det hastar med å omstille og bygge ny næring. Då bør ein så viktig ressurs som vasskrafta brukast for alt den er verdt.

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. NVE venter høyere strømpriser mot 2040: Sør-Norge får dyrest strøm

  2. Rapporter: Klimakutt krever svært mye kraft

  3. «Regjeringa må stoppe planane om landstraum»

  4. Ønsker kraftkrevende industri velkommen: – Vi har kraft og arealer

BT anbefaler

Mathilde vant Idol Jr. og ville satse på musikk. Så fikk hun diagnosen som endret livet.

I nesten tre måneder var Mathilde innlagt på psykiatrisk avdeling for barn og unge på Haukeland.

LES SAKEN