Bergensbanen på sotteseng

Sterkt politisk press må til for å berga Bergensbanen frå forvitring.

PRESS MÅ TIL: Bergensbanen kan falla mellom alle stolar om det ikkje skjer ei sterkare politisk mobilisering frå Bergen, Hordaland og Hallingdal. Foto: Helge Sunde

Bergensbanen kan falla mellom alle stolar om det ikkje skjer ei sterkare politisk mobilisering

FORKORTING av Bergensbanen over Ringerike er lågt prioritert i nasjonal politikk og forvalting. Dei såkalla inter-city-togsambanda kring Oslo står milelangt framføre Ringeriksbana i køen. Draumen om lyntog mellom Bergen og Oslo overskuggar dessutan trongen for utbetring av det eksisterande togsambandet. Medan graset gror, døyr kua: Berre ei brei politisk mobilisering kan avverja at passasjerane forsvinn frå Bergensbanen.

Transportøkonomisk institutt har nyleg utarbeidd ein rapport som viser ein årleg nedgang i passasjertalet med seks prosent så lenge toga køyrer på den noverande traseen. Bygging av Ringeriksbana kan derimot medføra nesten 40 prosents auke i passasjertalet, ifølgje den nye rapporten. Skilnaden er så stor at dei som arbeidar for forkorting av Bergensbanen har fått svært gode kort på handa.

STANDARDHEVINGA det er lagt opp til i den nasjonale transportplanen fram til 2019 vil berre gje 22 minutt innsparing i reisetida. Ei ny ringeriksbane mellom Hønefoss og Sandvika i Bærum ville gje ei ytterlegare innsparing på om lag 60 minutt. I så fall kan togturen mellom Bergen og Oslo gjerast unna på fire timar og 30 minutt.

Det er ikkje noko lyntog, nett, og verknaden av investeringane vil bli størst aust for vasskiljet. Men rapporten viser at det også er mogleg å etablera ei lyntogbane langs dagens trase, med 2 timar og 21 minutts køyretid mellom landets to største byar, med ni stopp undervegs. Ei slik reisetid kan gjera toget til ein reell konkurrent til flya mellom Bergen og Oslo. Med lyntog er passasjergrunnlaget rekna å stiga med 128 prosent. Det vil seia at 1,5 millionar personar i året vil ta den nye Bergensbanen.

TRASÉVALET ER svært viktig for dei som bur langs Bergensbanen, og ei avklaring av ein framtidig lyntogtrasé vil ha mykje å seia for kva press som kan utøvast for å få bygd Ringeriksbana. Bergensbanen vil i alle høve bli brukt til godstrafikk i overskodeleg framtid, og må rustast opp også for å kunna ta mot den auka godstrafikken. Men også uomstridde behov for opprusting, som dobbeltspor gjennom Ulriken, er skuva nedover på dei statlege prioriteringsplanane.

Bergensbanen kan falla mellom alle stolar om det ikkje skjer ei sterkare politisk mobilisering frå Bergen, Hordaland og Hallingdal. Forum nye Bergensbanen, der både Hordaland, Buskerud og Akershus fylke er med, har hittil ikkje hatt nok gjennomslagskraft. Faren for ei forvitring av passasjergrunnlaget bør vera nok til at Bergensbanen får plass høgt oppe på den politiske dagsorden på Vestlandet.

Hvilke virkemidler tror du må til?

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».