Italiensk sprøyteskrekk

Den italienske regjeringas vaksinemotstand er farleg, og kjem til å ta liv.

MESLINGAR: Italia har nest flest tilfelle av meslingar i Europa, då meir enn 5000 italienarar vart sjuke i fjor. Fire døydde. – Italias statlege vaksinemotstand kjem til å forverre situasjonen, meiner BT. Foto: Cornelius Poppe, NTB Scanpix

Publisert:

I 2017 vedtok Italia ei lov som gjorde det obligatorisk å vaksinere førskulebarn mot ti sjukdommar. Dersom barna ikkje var vaksinert ved skulestart, kunne foreldra få ei bot på 500 euro.

Italia fekk ei ny regjering i mars, og har allereie avskaffa lova. Det er den populistiske Femstjernersrørsla (M5S) som leier an i kampen mot vaksinane, og no går dei endå lenger.

Denne veka sparka regjeringa 30 helseekspertar frå eit rådgjevande organ. Planen er å byte dei ut med nye folk. For å gi «forandring».

Les også

Voksne skal få tilbud om barnevaksiner

Denne kampen er farleg. Italia har nest flest tilfelle av meslingar i Europa, då meir enn 5000 italienarar vart sjuke i fjor. Fire døydde. Italias statlege vaksinemotstand kjem til å forverre situasjonen.

Noreg hadde eitt dokumentert tilfelle i 2017, men det er registrert ein auke i år.

ANTI-VAKSINEMINISTER: Italias helseminister Giulia Grillo (M5S) sparka 30 medisinske ekspertar frå regjeringas rådgjevande helsepanel. Målet er å svekkje Italias vaksineprogram. Foto: Remo Casilli, NTB Scanpix

Meslingar er ein sjukdom som ein kan hindre ved vaksinasjon. I Noreg vert born vaksinert to gonger mot meslingar, og den gir livslang beskyttelse.

Dess fleire som er vaksinert, dess mindre er risikoen for eit alvorleg utbrot. Det finst born som på grunn av alvorleg sjukdom ikkje kan ta vaksinen, men dei vert beskytta dersom alle andre er vaksinerte.

Verdas Helseorganisasjon meiner at 95 prosent må vere vaksinerte for å sikre «flokkimmunitet». I Italia, Frankrike og Romania er dette talet under 84 prosent. I 2016 låg 74 norske kommunar under den anbefalte grensa.

Les også

– Tvang må være siste utvei

Ei obligatorisk vaksine er neppe den rette vegen å gå for Noreg. Tvang kan føre til auka mistillit, og det kan gjere konspirasjonsteoriane om vaksinasjon endå verre.

Det er heilt nødvendig at samfunnet når gjennom til dei som trur at vaksinar er farlege. For flokkimmuniteten er under press når vaksinemotstandarar får gjennomslag for sin anti-vitskaplege teoriar.

Vaksinar er ikkje farlege. Sjukdommane ein vaksinerer mot er farlege.