Statsråd Anniken Hauglie bør gå av

Nav-skandalen er eit grunnleggande brot på tilliten mellom borgarar og stat. Det må regjeringa ta ansvaret for.

Publisert Publisert

ANSVARLEG: Den politiske skulddelinga er uinteressant for ofra for Nav-skandalen. Den skuldige i saka er staten. Då må dei som i dag formelt står for statens utøving av makt ta ansvaret. Difor bør arbeidsminister Hauglie gå av, skriv BT på leiarplass. Foto: Stian Lysberg Solum

  1. Leserne mener

Høyringa om Nav-skandalen i førre veke vart ei oppvisning i ansvarsfråskriving. Korkje folkevalde eller embetsmenn ville ta på seg skulda for at 75 uskuldige er dømt for trygdesvindel. Det er ein hån.

Pensjonert riksadvokat Tor Aksel Busch fekk fram alvoret i saka under høyringa. Han viste til at Nav ei rekke gonger frå juni 2017 burde ha varsla Riksadvokaten, etter at Nav fekk dommar mot seg i Trygderetten. Då kunne sakene blitt stoppa.

Fordi dette ikkje skjedde vart 33 menneskje uskuldig dømde.

SV har varsla at dei vil fremje mistillit mot arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H), noko Rødt gjorde allereie i november.

Spørsmålet om Stortinget har tillit til regjeringa og einskilde ministrar er politisk, ikkje juridisk. Fleirtalsregjeringar plar difor å stemme ned mistillitsforslag i Stortinget, og vil venteleg gjere det i denne saka òg.

Men Nav-skandalen er meir enn eit spørsmål om tillit mellom storting og regjering. I denne saka har staten stått for eit systematisk overgrep mot vanlege borgarar. Regjeringar, domstolar og forvaltning har i fleire år feiltolka tilhøvet mellom folketrygdlova og EU-retten.

Den tilliten som er broten er difor mellom staten og borgarane.

I det norske politiske systemet har regjeringa, utgått frå fleirtalet i Stortinget, det konstitusjonelle ansvaret for dei feil staten gjer. I denne saka kviler det eit spesielt ansvar på den ansvarlege fagstatsråden.

Arbeidsminister Hauglie er langt frå åleine om å ha ansvar for Nav-skandalen. Uretten har funne stad under minst tre tidlegare arbeidsministrar. Grunnlaget for feiltolkinga av lovverket vart skapt medan departementet vart styrt av Arbeidarpartiet.

Men denne politiske skulddelinga er uinteressant for ofra for politikken. Den skuldige i saka er staten. Då må dei som i dag formelt står for statens utøving av makt ta ansvaret.

Dei seinare åra har det utvikla seg ein tradisjon, både i politikken og elles i samfunnet, der ansvarlege for feilgrep hevdar å ta ansvar ved å bli sitjande. Grunngjevinga er at dei då kan «rydde opp».

I denne saka er det ikkje godt nok.

For å bøte på statens brot på borgaranes tillit bør den ansvarlege statsråden, Anniken Hauglie, gå av.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».