Bergens kapitalistar må våge meir

Det er for dårleg når suksessfulle bergensbedrifter må til Stavanger eller Oslo for å skaffe pengar til vidare satsing.

Publisert Publisert

SIDDISPENGAR: Dagleg leiar Kåre Bottolfsen i bergensselskapet TicketCo måtte til Stavanger for å skaffe kapital for å vekse vidare. Bra for han, men flaut for Bergen, skriv BT på leiarplass. Foto: Tor Høvik

  1. Leserne mener

Denne veka kunne BT fortelje om selskapet TicketCo, som kan ende med å flytte frå Bergen. Årsaka er at dei ikkje fann kapital til vidare satsing her i byen. I Stavanger, derimot, fanst det pengar.

Som dagleg leiar Kåre Bottolfsen i TicketCo seier: Det er ikkje mangel på kapital i Bergen. Problemet er berre at kapitalistane er for konservative, og satsar pengane i trygge objekt som eigedom.

Anita Mannes i investeringsnettverket Connect Norge og seriegründer Henrik Lie-Nielsen stadfester at Bergen har eit kapital-problem:

Medan det er god tilgang på kapital til oppstartsselskap, manglar byen investorar som kan gå inn i neste fase, når selskapa skal vekse.

At Bergens kapitalistar er konservative, er ikkje nytt. Men dømet med TicketCo viser at mangelen på risikovilje er eit problem for heile byen.

Les også

Måtte til Stavanger for å få finansiering

Grunnen til at TicketCo kan ende med å flytte etter kapitalen, er ifølgje Bottolfsen fordi tilhøvet mellom bedrifta og investorane i denne fasen er tett.

Spesielt for teknologiselskap er slik venturekapital meir enn berre pengar. For selskapa er det viktig at investorane òg bidreg med kunnskap og nettverk.

Noko av forklaringa på den bergenske misera kan ligge mangel på kunnskap og kompetanse. Som Lie-Nielsen er inne på, går gjerne investorar inn i bransjar dei kjenner godt til frå før. Bergen har ikkje flust med IT-millionærar som kan skilje godt frå dårleg, og som har kapital til å løfte nye selskap.

Til forskjell frå oppstartsfasen trengst det gjerne mykje kapital om ein skal løfte eit selskap i ei internasjonal satsing, som ofte er kravet for å lykkast for teknologiselskap. Gjerne 20 til 50 millionar kroner. Då er det færre som vågar.

Bergens kapitalistar er på veg. Enkelte, som Rieber-familien, satsar no pengar på nye teknologiselskap. Her skjer ei læring, som kan danne kunnskapsgrunnlaget for større satsingar etter kvart.

Det bør skje raskt. Både i Bergen og regionen elles, spirer det i nye selskap, der mange har utspring i tradisjonelle næringar som olje, energi, oppdrett og sjøfart. I desse sektorane er kunnskapen allereie høg, noko som burde danne grunnlag for større satsing.

Sjå til Stavanger. Sjølv om det er bra at TicketCo får kapital frå Stavanger og Oslo for å satse vidare, er det flaut for Bergen. Her trengst det ei oppstramming.

Suget etter å tene pengar, og viljen til å risikere noko for å få det til, må opp. Det vil gagne Bergens kapitalistar, og det vil gagne Bergen.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».