Equinor ser ikkje skogen for berre olje

Brasils nye president er kanskje bra for business, men det kan ikkje vere nok for å få ros frå ei statseigd, norsk bedrift.

RAR ROS: – Brasil har ikkje gjort nok for å hindre brannar i regnskogen. Då vert det rart å rose Bolsonaro, meiner Bergens Tidende. Marit Hommedal, NTB scanpix (Arkiv)

Oljetopp Margareth Øvrum rosar Brasils autoritære president Jair Bolsonaro. I eit intervju med DN seier ho at landet skjøttar regnskogen sin godt.

Ho viser blant anna til at 80 prosent av skogen er verna, og at ho ikkje har sett forsøpling inne i regnskogen.

Equinors Brasil-sjef fokuserer på at avskoginga i Amazonas er lågare enn den var for nokre tiår sidan. Men ho vel å rose Bolsonaro. Etter berre få månader som president, har avskoginga i Brasil auka med om lag 40 prosent.

Landet har heller ikkje gjort nok for å hindre brannar i regnskogen. Då vert det rart å rose Bolsonaro.

Les også

Frode Bjerkestrand: «Kaptein motorsag» viser verden fingeren

Øvrums ros kom som ein reaksjon på Venstres framlegg om å bruke Equinor som pressmiddel for å få til endringar i Brasils politikk. Og det var eit dårleg framlegg, som næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) sa klart nei til.

Men det blir feil å svare på eit dårleg forslag med eit tonedøvt forsvar.

Utviklinga har ført til at Noreg held tilbake 300 millionar kroner frå Amazonasfondet. Bolsonaros politikk bryt med Brasils avtale med Noreg.

Noreg burde brukt forhandlingane om ein ny handelsavtale til å skape press, slik EU har gjort. Etter 20 år med forhandlingar, trugar fleire medlemsland med å nekte å ratifisere avtalen.

Equinor har store investeringar og endå større ambisjonar i Brasil. Fram mot 2030 forventar selskapet å investere 125 milliardar kroner i landet.

Ifølgje Øvrum vil det bety ein produksjon som er tre til fem gongar høgare enn i dag. Og Brasil er allereie blant kjerneområda til selskapet som norske skattebetalarar eig to tredjedelar av.

Øvrums rosande ord gir difor bedriftsøkonomisk meining, sjølv om dei ikkje er sanne.

Les også

Hvert år mister kloden skog tilsvarende hele Storbritannias landareal

Sjølv om ein er einig med delar av Bolsonaros industripolitikk, bør det likevel vere umogeleg å sjå vekk frå hans autoritære trekk.

Brasil har i lang tid slite med ekstrem vald frå både politi og kriminelle. Drapstala er skyhøge. Arbeidstakarar har dårlege vilkår og folk vert utsette for store giftutslepp.

Ulovleg hogging og brenning av regnskog er i praksis straffritt.

Bolsonaros politikk vil neppe betre denne situasjonen. Heller tvert imot, for han kuttar i tiltak og kontrollorgan som skal beskytte regnskogen.

I eit debattinnlegg i DN torsdag beklaga Øvrum at ho hadde skapt uvisse om Equinors syn på avskoging. Men hennar ros av Bolosonaros politikk var ikkje prega av uklarhet.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».