Å kutte Pisa er ikkje løysinga

Norsk skule har godt av å bli testa, men resultata må brukast med vit.

Publisert:

LÆRING: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) gjer rett i å avvise Utdanningsforbundet sitt krav om å fjerne Pisa-testen frå norsk skule, skriv BT på leiarplass. Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

I år 2000 skapte den første Pisa-undersøkinga sjokkbølgjer her i landet. Norske 15-åringar viste seg å vere langt dårlegare enn vi trudde i grunnleggjande fag som lesing, matematikk og naturfag. Då Noreg dei etterfølgjande åra rasa vidare nedover på lista over OECD-land, skapte det eit stort politisk press for å løfte nivået. No vil lærarane ha vekk heile Pisa-testen. Det er det ikkje grunn til.

Leiar i Utdanningsforbundet, Steffen Handal, seier til Aftenposten at Noreg bør trekkje seg frå undersøkinga, fordi Pisa har fått for sterk innverknad på utforminga av skulen. Han viser til at undersøkinga berre måler ein liten del av det som skjer i skulen, men at han blir brukt til å peike ut retninga for heilskapen. Også rektorane i Skolelederforbundet meiner Pisa-resultata blir brukte feil, sjølv om dei ikkje vil fjerne testen.

Dei har eit poeng. Målingane har skapt eit tungt press for forbetringar på akkurat dei felta som blir målt. Det er det vanskeleg for nokon politikar å stå i mot. Men det bør heller ikkje politikarane gjere. Lesing, matematikk og naturfag er grunnleggjande kunnskapar. I eit høgkostland som Noreg har vi ikkje råd til å liggje bak resten av verda. Kunnskap er, for å sitere statsminister Erna Solberg, den nye oljen. Då må skulen gje elevane ein solid ballast innanfor desse viktige faga.

Men framtidas arbeidsliv er ikkje berre avhengig av gode kunnskapar i lesing, matematikk og naturfag, som jo er det alle industrialiserte land no konkurrerer om. Noregs styrke har vore at vi er eit folk av sjølvstendig tenkjande, kreative menneske. Det å tenkje «utanfor boksen» er eit grunnleggjande konkurransefortrinn i kunnskapssamfunnet. Det krev at politikarane ikkje let Pisa og andre testar øydeleggje for andre «mjukare» sider ved norsk skule.

Dessutan er skulen meir enn ei utdanning av framtidas arbeidskraft. I ei tid prega av populisme og politisk polarisering er det viktigare enn på lenge at skulen òg gjev elevane eit grunnlag for sjølvstendig, kritisk tenking. Det er ein føresetnad for eit godt demokrati, og eit bolverk mot ekstremisme.

Men svaret er ikkje at ein sluttar å måle, men at kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H), skulebyråkratar, rektorar og lærarar brukar måleverktøya med vit.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».