Storpolitikkens offer

Verdssamfunnet stiller ikkje opp for Jemen, korkje med fredsinitiativ eller pengar.

JEMEN: Matmangel tek liv i Jemen, etter tre år med krig og isolasjon. Verdssamfunnet bør leggje press på partane for å få slutt på borgarkrigen, skriv BT på leiarplass. KHALED ABDULLAH / X03662

Gjevarkonferansen for Jemen tysdag var skuffande. FN bad om 18 milliardar kroner, gjevarlanda lova halvparten. Pengane skal brukast til naudhjelp til eit av verdas fattigaste folk, som er offer for ein brutal borgarkrig.

Det er ikkje mangel på alvorlege kriser rundt om i verda. Både i Syria, Sudan og Tsjad er millionar utsette for ufattelege lidingar. Likevel blir krisa i Jemen omtalt som verdas verste. Ifølgje FN er 19 millionar menneske i landet heilt avhengig av naudhjelp utanfrå for å overleve. Dei manglar det mest grunnleggjande, som mat og helsehjelp.

Krigen byrja lokalt, ved at sjiamuslimske Houthi-militsar tok hovudstaden Sana i februar 2015. Regimet flytta hovudstaden til hamnebyen Aden og byrja ein motoffensiv, med tung støtte frå ein sunnimuslimsk koalisjon leia av nabolandet Saudi-Arabia.

USA støttar Saudi-Arabia, som er ein nær alliert, med våpen. I tillegg bidreg USA med etterretningsinformasjon, og amerikanske tankfly fyller drivstoff på saudiarabiske kampfly.

I fjor haust vart USA sjølv drege direkte inn i krigen, etter at Houthi-opprørarane skaut mot eit av dei amerikanske skipa som låg utanfor kysten.

Det er likevel Saudi-Arabias fly som står for den største øydelegginga i krigen. Ifølgje regjeringshæren i Saudi-Arabia, har dei gjennomført 90.000 flyangrep mot mål i Jemen sidan mars 2015. Det er eitt flyangrep kvart 12. minutt, dag ut og dag inn i to år.

Les også

Diplomatens oppgjør med Saudi-Arabia

Krigen i Jemen har utspring i politisk vanstyre og eldgamle konfliktar mellom ulike folkegrupper. Men når krigen har blitt så blodig, skuldast det at landet har blitt ei brikke i ein større, regional konflikt, mellom Saudi-Arabia og Iran.

Houthi-opprørarane tek etter alt å døme imot støtte frå Iran, sjølv om Iran nektar for at det skjer. USA og deira allierte godtek stilltiande Saudi-Arabias massive bombing, og gjer lite for å få slutt på krigen. Tvert om ønskjer Trump-administrasjonen ifølgje nyheitsbyrået Ap å trappe opp støtta til krigen, som ein ledd i deira offensiv mot Iran.

10.000 menneske har mista livet til no i krigen. Tre millionar er drivne på flukt. Verdssamfunnet bør stille opp med naudhjelp, men framfor bør det takast eit alvorleg initiativ for å få slutt på krigen.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».