Gjengproblem må takast ved rota

Det siste Bergen treng frå Oslo er å importere hovudstadens gjengproblem.

KNIVDRAP: Drapet av Said Bassam Chataya (28) på ein bensinstasjon ved Danmarks plass i førre veke er djupt tragisk, og sterkt urovekkjande, skriv BT på leiarplass. Rune Sævig

Drapet av Said Bassam Chataya (28) på ein bensinstasjon ved Danmarks plass i førre veke er djupt tragisk, og sterkt urovekkjande. Fleire av dei sikta i saka, inkludert mannen som skal ha stått for knivstikkinga, hadde flytta til Bergen frå Oslo.

Viss det stemmer, som stortingsrepresentant Peter Frølich (H) hevdar i gårsdagens BT, at sentrale aktørar i kriminelle gjengar i Oslo har flytta til Bergen, viser det at hovudstadens gjengproblem no er blitt eit nasjonalt problem.

Førebels veit ein for lite om hendinga til å kome med bastante konklusjonar. Men viss det viser seg at auka politiaktivitet mot gjengane i Oslo gjer at dei flytter kriminaliteten sin til andre byar, er politikken i hovudstaden fullstendig mislykka. Då har ein berre flytta eit problem, i staden for å løyse det.

Uansett er det viktig at politiet i Bergen no grip fatt i problemet, for å hindre at det festar seg.

Drapet må føre til ein breiare diskusjon om korleis ein ordnar opp i gjengproblema i Oslo. Frølich tek til orde for ei tøffare linje frå politiet, med opphaldsforbod, inndraging av eigedelar og meir bruk av fengsling av ungdom.

Byrådsleiar Raymond Johansen (Ap) i Oslo vil mellom anna forby machetar, auke straffa for organisert kriminalitet og auke talet på ungdomsplassar i kriminalomsorga.

Johansens partifelle, Jan Bøhler, understrekar at Ap og Høgre er samde om mykje i denne saka. Midt i det tragiske, er det lovande at sentrale politikarar no snakkar saman på tvers av partigrensene for å finne løysingar.

Å slå hardare ned på kriminaliteten i gjengane er ein del av løysinga, blant ungdom for å hindre rekruttering og blant eldre for å stoppe kriminaliteten. Men det må gjerast med klokskap, for å hindre at desse miljøa blir ytterlegare framandgjorde frå resten av samfunnet. Drapet i Bergen viser òg at politiet i Oslo må samarbeide tett med andre byar.

Men strengare straffer og auke fullmakter er ikkje nok. Politiet i Oslo må òg setje inn nok ressursar til å nedkjempe dei kriminelle miljøa. I tillegg har hovudstaden etter alt å døme eit stort potensial for å førebyggjande arbeid i innvandrarmiljøa, både frå politiet og kommunen. Ein av årsakene til at Bergen har hatt langt mindre problem enn hovudstaden er mykje godt førebyggjande arbeid.

Oslo har ei langt større innvandrarbefolkning med til dels store sosiale problem, og dermed eit langt større problem å løyse. Men drapet på Danmarksplass kan tyde på at desse problema ikkje lenger berre er problem for hovudstaden.