Visjon Norge utnyttar koronakrisa på verste vis

TV-kanalens forsøk på tene pengar på folks frykt for korona må ta slutt.

Publisert Publisert

Jan Hanvold og Visjon Norge risikerer å få ei stor bot for å ha drive villeiande marknadsføring i koronakrisa. Foto: Håkon Mosvold Larsen, NTB Scanpix

  1. Leserne mener

Den kristne tv-kanalen Visjon Norge marknadsførte nyleg eit kosttilskot i nettbutikken sin ved å hevde at det var «virusdempande».

«Viktig i disse tider», skreiv dei også.

For dette risikerer dei no å bli dømt til å betale ei bot på 250.000 kroner. Forbrukartilsynet meiner marknadsføringa gir klare assosiasjonar til korona, og er villeiande.

Det vil vere ei velfortent bot.

Hendinga er heilt klart eit forsøk på å utnytte den krisesituasjonen me er inne i, og frykta som følgjer med. TV-kanalen antydar at preparatet vil hjelpe folk å bli friske av korona, ein påstand dei ikkje har dekning for.

Visjon Norge prøver her å tene pengar på å spreie falsk informasjon og dermed utnytte menneske i ein sårbar situasjon. Det er forkasteleg, og må stoppe med ein gong.

Den falske reklamen føyer seg inn i ei rekke av hendingar dei siste vekene, der Visjon Norge har spreidd falsk informasjon og forsøkt å utnytte koronakrisa for eiga vinning.

I slutten av februar bad ein predikant i Visjon Norges studio om donasjonar på 2020 kroner, for at han skulle beskytte sjåarane og barna deira mot viruset.

Førre søndag sa dagleg leiar for Visjon Norge, Jan Hanvold, på deira kanal at koronaviruset var bygd på ei løgn, planta av myndigheitene. Hanvold sjølv meiner sitata hans er tatt ut av samanheng.

Predikantens metodar for å samle inn pengar har også tidlegare vore sterkt omdiskuterte og problematiserte. NRK har også vist fram at mykje av pengane kjem frå minstepensjonistar og andre med dårleg råd.

Forskjellen no er at landet er i ein krisesituasjon, og mange er ekstra sårbare på grunn av frykt for korona.

At Hanvold og hans tv-kanal ser ut til å utnytte dette ganske systematisk, er høgst uetisk og djupt problematisk. Mykje fell likevel innanfor det som er verna av ytringsfridommen, og kan sånn sett ikkje bli stoppa.

Det er likevel all grunn til å følgje nøye med på Visjon Norge og kva dei gjer vidare. Både for å kome falske påstandar i møte og rette dei opp, men også for å slå ned der praksisen deira faktisk bryt norsk lov.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».