Nok er nok

Bompengar slit nok med truverdet. Slumsete omgang med habilitet og pengebruk er det siste bompengeselskapa treng.

BOMOPPRØR: Det siste bilistar i Bergen og andre stader der Ferde krev inn bompengar treng, er ei selskapsleiing som sløser med pengar, skriv BT på leiarplass. Bård Bøe

Leiinga i det fylkeseigde bomselskapet Ferde, som driv bomstasjonar frå Førde i nord til Tvedestrand i sør, har igjen vist uvørden omgang med bilistanes pengar. Ifølgje NRK har Ferde tatt delar av rekninga for programvare som var bestilt av eit privat konsulentselskap som Ferde-sjef Trond Juvik var medeigar i.

Konsulentselskapet BTS Norway hadde kjøpt langt fleire lisensar enn dei trong, og risikerte å betale fleire hundre tusen kroner i året. Den rekninga slapp dei, ved at Ferde tok over lisensane.

Bompengar har allereie låg legitimitet i folket. Juvik og Ferde er med slike manøvrar med på svekke denne ytterlegare.

Les også

Så mye skal bompengene kuttes

Selskapet forsvarar seg med at Ferde trong programvara, men vedgår samstundes at dei ikkje gjorde noko vurdering av habiliteten til dei som utførte kjøpet.

Juvik seier til NRK at han personleg ikkje tente noko på lisenskjøpet. Det spelar lita rolle. Problemet i saka er rolleblandinga. Saka vitnar om ein ukultur som ikkje er eigna til å skape tillit til at bilistanes pengar blir brukte på ein forsvarleg måte.

Saka kjem på toppen av avsløringar NRK gjorde i juni, som viste at selskapet brukte store summar på utanlandsreiser, julebord og interne festar. I tillegg er lønningane i selskapet høge. Juvik er sjølv den best løna bomsjefen i landet, med ei årsløn på 1,7 millionar kroner.

Bompengar har ein viktig funksjon i å finansiere vegar, kollektivtrafikk og sykkelstiar, ikkje minst i byane. Samstundes grip dei djupt inn i folks privatøkonomi, noko bompengeopprøret i årets kommuneval viste.

Difor er det ekstremt viktig at pengane blir brukt til det dei skal. NRKs avsløringar viser at leiinga i Ferde ikkje har forstått dette.

Etter NRK tok opp saka, gav styret i Ferde kritikk til Juvik tysdag. Dei vedtok at han var inhabil då han kjøpte lisensar frå sitt eige konsulentselskap, men aksepter samstundes Juviks forklaring om at dette var i Ferdes interesse.

Styret legg her lista for lågt. I eit selskap som er så avhengig av støtte i folket burde det vere nulltoleranse for slik rolleblanding.

Etter avsløringane i juni kravde leiar i Vestland Høgre, Tom Georg Indrevik, at styret måtte gå. Han fekk ikkje eigarfylka med seg på kravet. No er det på tide å vurdere forslaget frå Indrevik på nytt.