Fyrverkeriet er for farleg

Det er på høg tid å stramme kraftig inn på fyrverkeribruken i Noreg.

Publisert Publisert

BØR STRAMME INN: – Det mest drastiske tiltaket mot fyrverkeriskadar er eit totalforbod. Det bør på bordet, for skadane er òg drastiske, meiner BT. Foto: Paul S. Amundsen (Arkiv)

  1. Leserne mener

Fyrverkeri er flott, og ein naturleg del av festlege hendingar som til dømes nyårsfeiringa. Men det er berre bra til eit visst nivå. No bør norske politikarar vurdere restriktive tiltak.

Det mest drastiske er eit totalforbod. Det bør på bordet, for skadane er òg drastiske.

Ti menn og éin gut fekk augeskadar under nyårsfeiringa. Fleire dyr har rømt eller døydd på grunn av fyrverkeriet. Mange fleire har blitt skremt.

Les også

Frode Bjerkestand: Gratulerer med året, Bergen. På tide å bli voksen snart?

Kostnaden med private fyrverkeri er altfor høg i dag. Det er allereie forbode å skyte opp fyrverkeri fleire stader, som til dømes i Bergen sentrum. Slike forbod er ukontroversielle, fordi dei reduserer faren for brann.

Om ein ikkje vil forby private å handtere sprengstoff på eit tidspunkt der svært mange er rusa, finst det andre tiltak.

Styresmaktene kan innføre strengare krav til kven som får skyte opp fyrverkeri. I dag er det aldersgrense på 18 år og ei avgrensing på kva type fyrverkeri privatpersonar får lov til å kjøpe.

Det går an å innføre ei sertifiseringsordning, der folk som ønskjer å kjøpe og skyte fyrverkeri tar eit teoretisk og praktisk kurs. Det er naturleg på andre område der folk skal handtere farlege ting, som til dømes jaktvåpen.

Hovudårsaka til at folk vert skada av fyrverkeri, er at dei bruker det feil.

Les også

Morten Myksvoll: – Nyttårsaftan er dagen då dyremishandling er gøy.

Det går òg an å stramme inn tida for når det er lov å skyte opp fyrverkeri. I dag er det lovleg i åtte timar, frå klokka 18 til 2 om natta.

Det er forståeleg at folk ønskjer å skyte opp tidleg på kvelden, slik at små barn får vere med. Men ein kan heller opne for fyrverkeri i to kortare tidsrom, i staden for det som er åtte lange timar for dei som lir.

Privat fyrverkeri kan erstattast det med eit profesjonelt arrangement. Fleire kommunar gjer dette allereie, og velforeiningar kan òg samle saman pengar til ei profesjonell oppskyting.

Ny teknologi gjer det òg mogeleg å erstatte krut med lys, laser eller eit spektakulært droneshow. Mogelegheitene er mange, om ein berre klarer å sjå forbi kor fint det er med fyrverkeri.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».