Skadane i Frescohallen må vere ein vekkjar for både huseigar og for vernestyresmaktene

No må dei rydde opp.

Publisert Publisert
  • Bergens Tidende

Veggmåleria i Frescohallen har fått skader etter restaurantdrifta. Her frå opninga av Matbørsen i 2012. Foto: Odd E. Nerbø (Arkiv)

Restaurantdrifta i Matbørsen har ført til skadar på dei nesten 100 år gamle veggmåleria i Frescohallen. Odfjell Eiendom må rette opp skadane.

Då Matbørsen i 2012 fekk løyve til å drive, var det på vilkår frå Byantikvaren. Freskane skulle ikkje vere skadelidande. No viser det seg at ein av restaurantane hadde klistra eit toalettskilt rett på eit veggmåleri.

Toalettskiltet har vore der i fleire år.

Det tyder på at verken huseigar eller leigetakarar har vore tilstrekkeleg bevisst på kva kulturskatt dei hadde med å gjere.

Les også

Toalettskilt ble teipet rett på verneverdige malerier

Eit positivt bidrag frå Matbørsen, er bidraget til at fleire bergensarar har sett kunsten på veggane.

Nordlandsveggen viser fisket og reisa mot Bergen, Bergensveggen viser hamna og handelen her, medan Verdensveggen viser den internasjonale handelen. Axel Revolds «Varebytte» fekk mange nye, svoltne sjåarar.

No er spørsmålet kva det har kosta, og om kunsten kan reddast.

Tidlegare kulturredaktør i BT, Jan H. Landro, åtvara mot freskar i tacosaus før opninga i 2012. Han meinte at restaurantdrifta kunne gjere skade på fleire måtar.

Han observerte støv frå ombygginga i 2012, utan at freskane var dekte til. Det vart lagt opp til matlaging i lokalet, noko som fører til matos og feitt på veggane. Han var òg redd for at høge hyller og kjøkken i hallen ville blokkere lesinga av kunsten.

Foto: Oddleiv Apneseth (Arkiv)

Ein ting Landro ikkje såg for seg, var at ein restaurant ville klistre eit toalettskilt rett på eit verneverdig veggmåleri.

Det er ei utruleg tankelaus handling.

Feila som er avdekka bør vere ein vekkar for dei antikvariske styresmaktene i byen.

Byantikvaren stilte vilkår for løyvet, og det er meir eller mindre tilfeldig at skadane vart oppdaga. Det tyder på at oppfølginga ikkje er god nok.

No er Frescohallen igjen under oppussing, men det skal framleis vere restaurant i bygget. I 2012 kritiserte Landro Byantikvaren for å ikkje vurdere kva freskane ville tole. Det bør Byantikvaren ta ein ny runde på no, slik at Revolds kunstverk ikkje blir meir øydelagt.

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. Nå kan du gå på do med gatekunst på veggene

  2. «Komplett uforståelig». «Spenstige og spennende».

  3. – Dette er kunst for folket. Kanskje du har et på veggen eller loftet, du også?

  4. Lekkasjer, råteskader, mus og biller. Ole Bulls villa på Lysøen forfaller. – Noe må gjøres nå.

BT anbefaler

– Jeg har ikke levert godt nok. Da får jeg akseptere dette.

Lars Arne Nilsen er ferdig i Brann. Vi er på Stadion.

LES SAKEN
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».
  1. Kunst
  2. Byantikvaren
  3. Odfjell