Kinas kolfyrte klimasvik

Kina finansierer ei storstilt utbygging av kolkraftverk i andre land. Det er ei skam.

Publisert: Publisert:

SKITEN STRAUM: Medan Kina byggjer færre kolkraftverk, aukar dei kraftig finansieringa av kolkraft i fattige samarbeidsland. Foto: Jørgen Lohne

Kina representerer både det beste og verste i kampen mot klimaendringar. Men elbussar og masseproduksjon av rimlege solcellepanel blir stilt i skuggen av Kinas massive finansiering av nye kolkraftverk.

Medan vestlege investorar, som det norske Oljefondet, langt på veg har trekt seg ut av kolindustrien, har kinesiske bankar gått massivt inn, skriv The Guardian.

Kolkraft er venta å bli eit tema på toppmøtet om Kinas globale økonomiske ambisjonar, som opna i Beijing i går. Dette såkalla «Belte og veg forumet» skal legge planar for utviklinga dei komande fem åra.

Les også

Frode Bjerkestrand: Planeten trenger en superpolitiker

Kina lokkar fattige land i Asia, Afrika og på Balkan med store investeringar, handel og økonomiske vekst. Men medan Kina sjølv prøver å bli mindre avhengig av kolkraft, er kolkraft ein viktig del av vekstoppskrifta dei no eksporterer til samarbeidslanda.

Investeringsprogrammet er massivt. Det gjeld òg finansieringa av nye kolkraftverk. Ifølgje Institute for Energy, Economics and Financial Analysis har kinesiske bankar øyremerkt 36 milliardar dollar (313 milliardar kroner) til utbygging av 102 GWh med kolkraft i 23 land. I fjor skal nær halvparten av Kinas utanlandsinvesteringar blitt brukt på kolkraft.

Kina bidreg med dette til ei massiv forverring av klimautsleppa i verda, om lag 100 millionar tonn CO2 – to gongar Noregs samla utslepp. Dessutan er det utslepp som ikkje blir lett å kutte, når investeringa i kraftverket først er gjort. Eit kolkraftverk har ei normal levetid på 40–60 år.

Kina gjer òg landa dei investerer i ein bjørneteneste, ved å låse kraftproduksjonen fast i utrangert teknologi. Prisen på sol- og vindkraft stuper, og er allereie billigare enn kolkraft mange stader. Ikkje minst gjeld det solfylte land, som dei som no får billige kinesiske lån for å bygge kolkraftverk.

Difor handlar ikkje denne saka om å nekte fattige land energi til å skape økonomisk vekst. Den handlar om at Kina fremjar eigne økonomiske interesser ved å eksportere ein forelda, skiten vekstmodell.

Framferda svekker Kinas omdøme som positiv kraft i klimasaka. Men meir alvorleg dreg det verda i feil retning. Dei globale klimautsleppa nådde truleg eit nytt rekordnivå i fjor, mykje på grunn av auka bruk av kolkraft.

Kinas framferd i denne saka er eit godt døme på korleis kortsiktige økonomiske interesser er fullt kapable til å styre verda mot ei global oppvarming langt over både 1,5 og to grader.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».