Noreg treng eit moderat lønsoppgjer

Lønshopp er ikkje rett medisin når ein ser nedgangstidene kome.

Publisert Publisert

Forbundsleiar i Fellesforbundet Jørn Eggum (t.v.) overleverer kravlista til årets lønsoppgjer til administrerande direktør i Norsk Industri Stein Lier Hansen. Foto: Gorm Kallestad, NTB Scanpix

  1. Leserne mener

Tysdag starta årets lønsoppgjer. Fellesforbundet går inn i møta med krav om minst tre prosent lønsvekst.

«Jeg forventer at rammen for årets oppgjør blir nærmere fire enn tre prosent lønnsvekst», sa forbundsleiar Jørn Eggum til E24 i førre veke.

Det er for høgt. Den vanskelege økonomiske situasjonen i deler av næringslivet bør føre til eit langt meir moderat oppgjer. Motparten Norsk Industri ber om eit oppgjer «langt ned på 2-tallet».

Ønsket om moderasjon handlar eigentleg ikkje om koronaviruset og dei kraftige børsfalla verda over. Men dei hendingane forverrar ein allereie uviss situasjon.

Les også

Hans K. Mjelva: Eit oljepris-sjokk på toppen av korona-utbrotet kan skape store problem i norsk økonomi.

Næringslivet på Vestlandet er mindre optimistisk enn før, spesielt i olje- og gassnæringa. Denne såkalla Vestlandsindeksen har følgt dei aktuelle bedriftenes økonomiske resultat over fleire år.

Pessimismen er forståeleg. I februar kom SSB med ei oppdatert prognose som viser at investeringane i olja vil falle i 2021. Dårlegare framtidsutsikter er ein dårleg kombinasjon med høgare lønskostnader.

Det er allereie ein del uvisse knytt til handelen med Storbritannia, og korleis den vil fungere etter at overgangsperioden går ut ved nyttår.

Noreg er ikkje ein part i dei forhandlingane, sidan Noreg ikkje er medlem av EU. Dei vil likevel ha stor betydning for norsk handel med Storbritannia.

Blir det ingen handelsavtale, vil det truleg kome tollsatsar og andre hindringar på handelen mellom Noreg og Storbritannia.

Les også

Kraftigste børsfall i USA siden finanskrisen i 2008

På toppen av dette, kjem det store fall i oljeprisen denne veka. Måndag fall oljeprisen med 30 prosent. Fallet er eit utslag av ein politisk priskrig mellom Russland og Saudi-Arabia.

Då regjeringa la fram statsbudsjettet i fjor haust, la dei til grunn ein oljepris tilsvarande 52–55 dollar fatet. Det ville vere ein nedgang frå 2019, og var lågare enn fleire oljeanalytikarar spådde.

Olja var handla for 35 dollar fatet tysdag.

Dette fallet skaper meir uvisse rundt investeringstakten framover.

I sum kan dette skape prisnedgang. Målet til Fellesforbundet er auka kjøpekraft. I år treng ein neppe eit høgt lønshopp for å få det til.

Ei moderat lønsauke vil kunne gje auka kjøpekraft, samstundes som ein vil ta omsyn til bedrifter og arbeidsplassar i ei uroleg tid.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».